Hilmar Meincke Krohg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hilmar Meincke Krohg (fødd i Trondheim 1. januar 1776, død i Bolsøy, nå Molde kommune 13. august 1851) var jurist, amtmann i Finnmark og Romsdal, stiftamtmann i Trondheim, eidsvollsmann og stortingsrepresentant.

Bakgrunn og familie

Han kom frå ein prominent og velståande offisers- og borgarfamilie. Foreldra var oberst Nicolai Frederik Krohg (1732-1801) og Anna Meincke (1743- 1823). Som faren var også broren, farbroren og farfaren alle offiserar. «Dynastiet» var grunnlagt av farfaren, Christian Nilsen von Krohg (1693-1752), ein bondegut som vart offiser. Mor til Hilmar kom frå det «flensburgske» storborgarskapet i Trondheim. Far hennar var kjøpmann og verkseigar Hilmar Helmer Meincke.

Hilmar Meincke Krohg voks opp på Munkvoll i Strinda, nær Trondheim by. Faren var i 1768 blitt generalvegmeister i Trondheim og Bergen stift, og seks år seinare også overdirektør ved Røros koparverk.

Hilmar Neincke Krohg gifta seg 31. mars 1803 med Cecilia Edel Sophie Stub (fødd på Hitra 19. januar 1786, død i Bolsøy 25. august 1864). Ho var dotter til prost Otto Stub og Anne Ingeborg Hald.

Utdanning og karriere

Hilmar gjekk katedralskulen i Trondheim og vart student derifrå i 1794. Han studerte juss i København og tok embetseksamen i 1799. Frå 1799 til 1802 var han fyrst volontør så underkansellist i Danske kanselli, og privatsekretær for kansellipresidenten Frederik Moltke.

Etter farens død drog Hilmar Krohg heim og dreiv som gardbrukar på familieeigedomane Munkvoll og Kystad. Interessa for jordbruk hadde han heile livet.

I 1807 vart han utnemnd til amtmann i Finnmark, der han var i nær fem år. Sommaren 1811 vart han utnemnd til same embete i Nordre Bergenhus, men før han rakk å byrje der fekk han amtmannsembetet i Romsdals amt. Der hadde han lengste embetstenesta si, heilt til han terkte seg attende i 1840. Ei kortare periode frå 1812 til januar 1814 var han stiftamtmann i Trondheim.