Ingeborg Møller

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ingeborg Møller (fødd 29 des 1878 i Oslo (Kristiania) død i Oslo 18 feb 1964) var forfattar, lærar, samfunns- og kulturdebattant. I tidsrommet frå 1904 til ca. 1920 brukte ho ektemannens etternamn Lindholm. Møller var ein av grunnleggjarane av den antroposofiske rørsla i Noreg på det tidlege 1900-talet. Ho verka mykje til at delar av norskdomsrørsla, spesielt det grundtvigianske miljøet i Gudbrandsdalen, vart influert av denne åndsretninga. Ho arbeidde mellom anna saman med lyrikaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad ved Dovre folkehøgskule. Møller gav ut ca. 15 bøker i tidsrommet 1923-1958, av desse ei rekkje historiske romanar, biografiske framstillingar og andre sjangrar.

Ingeborg Møller ca. 1930-1935.
Foto: Ukjent.

Bakgrunn og familie

Døypenamnet hennar var Ingeborg Kataharina Elisabet Storm Møller. Ho var einaste [?] barn av infanterikaptein Thorvald Fredrik Owen Møller (1821-1879) og Nathalie Munch (1836-1904).[1] Thorvald Møller var nesteldste son på storgarden Tose (Thorsø herregård) i nåverande Fredrikstad kommune. Der var Ingeborg også delvis oppvaksen. Milada Blekastad skriv slik om dette i ein karakteristikk av Ingeborg Lindholm: «Ho var født Møller, barnebarnet til P.A.Munch og vokse opp i det kultiverte miljø på Thorsø herregard. Alt kva den gamle norske embetsmannskulturen kunne gje henne, hadde ho i blodet.»[2]

Faren døydde som psykiatrisk pasient på Gaustad Sinnsykeasyl året etter at ho vart fødd. Da Ingeborg var om lag fem år gammal, fekk også mora ei alvorleg sinnsliding, og andre måtte ta seg av barnet. Det er bakgrunnen for oppveksten i farens familie på Tose. I folketeljinga 1900 er ho oppført som pleiedotter hjå brukseiar og trelasthandlar Jens Gram og hustru Karen Juliane fødd Munch (morsyster av Ingeborg Møller?). Dei bur i Skoger ved Drammen

Ingeborg Møller gifta seg i Drammen 4. oktober 1904 med offiseren (rittmeister) Daniel Kildal Lindholm (1875-1919). Som følgje av hans yrke flytta familien rundt omkring til fleire plassar i landet. Dei fekk tre søner, Dan Lindholm fødd 1908, Inge Lindholm fødd 1910 og Helge Michael fødd 1912.

Ekteskapet med Kildal Lindholm vart oppløyst, og han døydde i 1919. Ingeborg Lindholm, som ho hadde heitt frå ho gifta seg, tok attende jentenamnet sitt og skreiv seg sidan Ingeborg Møller.


Referansar

  1. Slektsoversyn på internettet
  2. Blekastad, M. 1983 side 115.