Jakob Olsson Fadnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 10:58 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Voss kommune» til «[[Kategori:Voss herad»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jakob Olsson Fadnes (fødd 4. april 1845 i Evanger, død 18. desember 1910 på Voss) var murar.

Han var son av Ole Jacobson Hauge og Brita Andersdatter f. Hærnes. Jakob gifta seg med Brita (1840-1920), dotter av Lars Johannesson og Kari Magnesdatter Haneviksæter. Dei fekk åtte born, mellom anna Karl (1879-1963). Familien budde fyrst i Evanger (på Fadnes??), men flytta seinare til Voss. Då folketeljinga for 1910 vart oppteken, budde Brita og Jakob saman med Karl og familien hans i huset Nyheim (gnr. 192/21) i Rongve skulekrins aust for Vossevangen.

Jakob Fadnes døydde like etterpå, 65 år gamal.

Kjelder og litteratur