Brita Larsdotter Fadnes
Brita Larsdotter Fadnes (fødd 27. desember 1840 i Meland, død 10. september 1920 på Voss) var husmor, busett på Voss.
Ho var dotter av Lars Johannesson Haneviksæter (født Furnes) og Kari Magnesdatter (født Veo), båe frå Vaksdal. Brita var den yngste i syskenflokken. Ein eldre bror, Lars Larsson Furnes, drog til Amerika og vart drepen av indianarane i Siouxopprøret i 1862.
Brita vart gift med murar Jakob Olsson Fadnes (1845-1910). Dei fekk åtte born, mellom anna Karl (1879-1963). Familien budde fyrst i Evanger (på Fadnes??), men flytta seinare til Voss. Då folketeljinga for 1910 vart oppteken, budde Brita og Jakob saman med Karl og familien hans i huset Nyheim (gnr. 192/21) i Rongve skulekrins aust for Vossevangen.
Like etterpå vart Brita enkje. Sjølv levde ho i ti år til, og vart nesten 80 år gamal.
Kjelder og litteratur
- Hamre sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 12, 1834-1845, s. 89.
- Brita Fadnæs i folketelling 1910 for Voss herad fra Digitalarkivet
- Brita L. Fadnes i Klokkerbok for Voss prestegjeld, Voss sokn 1913-1932 (avdød) fra Digitalarkivet
- Brita Larsdotter Fadnes i Historisk befolkningsregister.
- Geni.com
- Opplysningar frå Ronny Stolen Tollefsen (e-post 22. mai 2018).