Jon Løyland (1887–1975)

Jon Løyland (født 22. november 1887 i Valle, død 8. juli 1975) var gardbrukar på Lande i Grendi i Bygland kommune, lærar fleire stader i Aust-Agder, forfattar og fotograf.

Fil:Ingebjorg og Lande-eiki - no-nb digifoto 20140808 00017 bldsa PK18342.jpg
Postkort med «Ingebjorg og Lande-eiki».
Foto: Jon Løyland

Han var oppteken av kulturhistorie, og samla folkeminne i ei bok. Eit manuskript som truleg skulle verte eit framhald av Gamalt or Setesdal vart gjeve ut i 2008, redigert av Leonhard Jansen. Mykje av stoffet var kjent frå hans foredrag rundt om i Agder. I boka er det også bilete han sjølv tok. Han skreiv i 1945 om seg sjølv: «Har drive litt fotoarbeid og fått laga prospektkort i over 20 år. Har vore lærar. No bonde og husflidsarbeidar». Arbeidet som han utførar er «Fotografering, kopiering, forstørring etter film».

Agder historielag vart skipa i 1914 kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalsmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloptet. Både museumssamlinga og biletsamlinga er i dag på Setesdalsmuseet.

Sjå også

Kilder


  Jon Løyland (1887–1975) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!