Jostein Nerbøvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mai 2009 kl. 15:12 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jostein Nerbøvik''' f. 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo var ein framståande norsk historikar med omfattande lokalhistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda,...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostein Nerbøvik f. 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo var ein framståande norsk historikar med omfattande lokalhistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda, studerte han historie hovudfag i Oslo og avla eksamen i 1967 med oppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. Oppgåva kom ut i bokform kort tid etter.

Nerbøvik var ein av pionerane i oppbygginga av distriktshøgskulesystemet i Noreg, med tilsetting ved DH-skulen i Bø i Telemark i 1971. Der skreiv han òg første versjon av den læreboka som framleis er i bruk på dei fleste årsstudium (grunnfag) i historie ved norske høgskular og universitet: Norsk historie 1870-1905 (1973). Siste utgåva av denne boka kom i 1999. Medan han var i Bø engasjerte han seg i forsking og formidling av lokal- og regional historie for Telemark, m.a. gjennom boka Bønder i kamp. Bygdefolkets krisehjelp 1925-1935 (1991), som han i 1993 disputerte for graden dr.philos. med ved Universitetet i Trondheim.

I 1983 kom han tilbake til Volda og engasjerte seg tidleg i lokalhistorisk arbeid her, både som tilsett ved DH-skulen og i lokalsamfunnet som redaktør for Voldaminne i fleire år. Da høgskulane fekk høve til å tilsetje professorar i 1993 hadde Nerbøvik alt fått godkjent kompetansen og vart ein av dei første professorane ved det som frå 1994 vart Høgskulen i Volda.

Gjennom 1990-åra var Nerbøvik ein av dei viktigaste forkjemparane for Ivar Aasen-tunet, det nasjonale opplevings- og dokumentasjonssenteret for nynorsk skriftkultur i Hovdebygda i Ørsta.

Nerbøvik skreiv til saman 10 bøker, dusinvis med artiklar og heldt mange foredrag. Otta Grepstad held Nerbøvik for å «vere den mest kresne stilisten i nynorsk sakprosa» og «ein av dei fremste til å skrive norsk i det heile».

Lokalhistorisk bibliografi

  • Voldasoga 1800-1945. Krigsår og motstandsvilje 1940–1945. 1996
  • Voldasoga 1800-1945. Holmgang med havet 1838–1914. 1997
  • Voldasoga 1800-1945. Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898–1979. 2001
  • Voldasoga 1800-1945. Myndige møringar 1740-1870. 2004

Litteratur

  • Døssland, Atle 2004: Jostein Nerbøvik (1938-2004). HIFO-nytt 2/2004 s. 4-5.
  • Grepstad, Ottar 2004: Jostein Nerbøvik 1938-2004. Utdelt ved minnestund 18. mars 2004.
  • Omslagstekstar Voldasoga 1800-1945.