Kjeldearkiv:Trollet i Hovdefjell: Forskjell mellom sideversjoner
(ordner lenke) |
(fjernet overflødig kategori) |
||
Linje 12: | Linje 12: | ||
[[Kategori:Folkeminne]] | [[Kategori:Folkeminne]] | ||
[[Kategori:Sagn]] | [[Kategori:Sagn]] | ||
Sideversjonen fra 17. jul. 2012 kl. 10:13
Trollet i Hovdefjell er ein munntlig folkehistorie frå Vegårshei i Aust-Agder.
Trollet i Hovdefjell
I gamle dagar budde det eit troll i Hovdefjell med ei gygre og 3 ungar. Trollet var 2 mannslengder i høgda og ei breidd. Når trollkjerringa bada ungane sine som bare skjedde kvart 3. år, så bada ho den eldste i Nedlaug, mellomungen i Uppsvatn (Usvatn) og den tredje, som var yngsteungen og kjelegrisen i Vegår. Det budde i Hovdefjell i over 1000 år. Men ein gong då dei la vegen over Lindkjennheia frå kaugarferda i Vegår og trollfar sjølv var med og fekk sjå kjørkader der - ein høg fjellknatte - torde han ikkje bu lenger i Hovdefjell og flytta til Trollfjell i Drangedal. Og der bur dei ennå. Under flyttinga mista dei storankret sitt i Vegår og lilleankret sitt i Vegårsevann, så dei våger seg sjeldan ut på Brødsjøvannet og Neslandsvann og aldri i Toke.
Fortelt av gamle Aslak Ripe i 1880-åra.
Kjeldar
Boka Vegårshei i eldre tid av Hallvard Tveiten.