Klepp kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. feb. 2020 kl. 08:45 av Kallrustad (samtale | bidrag) (SNL-lenkje, kategori)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klepp kommune
1120 Klepp komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1120
Fylke Rogaland
Kommunesenter Kleppe
Areal 113.49  km²
Areal land 102.62  km²
Areal vann 10.87  km²
Folketall 19 217 (2018)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Klepp kommune er ein kommune på Jæren i Rogaland. Kommunen grensar til i sør, Time i aust og Sandnes og Sola i nord. Klepp og Time er dei to einaste kommunane i Rogaland som har hatt uendra grenser sidan 1837. Namnet kjem frå norrønt Kleppr, 'klump', truleg opphavleg nytta om høgda Kleppvarden.

Det er to tettstader som ligg heilt innanfor kommunen sine grenser: Administrasjonssentert Kleppe med drygt 8200 innbyggjarar (2013) og Pollestad med nesten 600 innbyggjarar (2013). Tettstadene Bryne og Kvernaland ligg dels innafor Klepp kommune.

Klepp er ein jordbrukskommune, der nesten tre fjerdedelar av arealet er dyrka mark. Om lag atten prosent av den dyrka jorda går til kornproduksjon, rundt åtte prosent til potet og frilandsgrønnsaker og ein fjerdedel til åker og hage. Det er også ein del pelsdyravl og husdyrbruk i kommunen.

Kjelder

Eksterne lenkjer

Utsikt frå Tinghaug, det høgaste punktet på Låg-Jæren.
Foto: Nasjonalbiblioteket (1940-åra).

Koordinater: 58.77663° N 5.63012° Ø