Kristofer Lange

Sideversjon per 20. des. 2012 kl. 10:25 av Vidariv (samtale | bidrag) (litt fiksing)

Kristofer Andreas Lange (født 6. september 1886 i Kristiania, død 27. april 1977) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo i perioden 1915-1965.

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole, Statens Håndverks- og kunstindustriskole, og i Berlin i åra 1909-1912, og arbeidde særleg med reguleringssaker. I 1920 vann han tevling om ny byplan for Bodø. Det var difor naturleg for BSR å engasjere han til å utarbeide byplan for Bodø og reguleringsplan for Rognan etter bombinga i 1940. Han tegna også eit par bygningar i Bodø: Godtemplarhuset i Storgata 56, for Avholdslosjen Nordens Klippe og Den gode vilje, 1944 -1948, og saman med Georg Greve tegna han Bankgata ungdomsskole i Bankgata 24. Bygninga vart planlagt i 1940, bygginga tok først til i 1946, og skolen vart innvia i 1949.

I Narvik tegna han Kolflaath-gården, ein forretningsgård i Kongensgate 42 i 1950-1951.

Blant hans arbeid elles kan særleg nemnast Villa ThallaugLillehammer frå 1918, «Idrettens Hus» i Moss frå 1939, Horten kino frå 1936. I Oslo tegna han Sogn hageby (1920), Valkyrie plass T-banestasjon (nedlagt, men bevart) 1928, Sinsenbyen (saman med Th. Chr. Hauff - Lange sto for reguleringa, Hauff for bygningane) (1934-39), Majorstuen stasjon (Majorstuhuset) i 1930, og eit lite venteskur i betong på Slemdal stasjon. Han har også laga reguleringsplan for Nordre Nøtterøy.

Kilder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.