Kullhusvegen

Sideversjon per 16. nov. 2018 kl. 19:44 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til bilde.)

KullhusvegenNordagutu i Sauherad kommune går nordover frå Nordagutuvegen ved Moen skule til Kullhuset ved Sauarelva.

Kullhusvegen sett nordover med Kullhuset (gnr. 8/4) til venstre.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen er ein dryg km lang og har namn etter Kullhuset, eller «Kolahuset», som var ei gamal bryggje for utskipning av trekol til jernverka på Ulefoss og Hørte.

Kullhusbanen var ein normalspora jernbane, ca. tre km lang, som gjekk mellom Nordagutu stasjon og Kullhuset. Banen var i drift berre nokre år, og var eit hjelpemiddel i samband med byggjinga av Bratsbergbanen. Mykje materiell, lokomotiv og vogner, blei frakta til Kullhuset på vassdraget, og så vidare opp til Nordagutu på Kullhusbanen. Men også personar som kom med båten til Kullhuset kunne ta toget opp til Nordagutu. Varer som skulle til Rjukan blei sendt med toget frå Kullhuset. Fv 553, Nordagutuvegen, går på Kullhusbanens trasé eit par km sørover frå Nordagutu stasjon.

Kjelder


Koordinater: 59.40403° N 9.30872° Ø