Liabakken tresko og rivefabrikk

Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 13:39 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Bø kommune (Telemark)» til «Kategori:Bø i Telemark Kategori:Midt-Telemark kommune»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Liabakken tresko og rivefabrikk blei starta av Lars Torsteinsson Espeseth i 1919. Fabrikken låg i Liabakken i i Telemark.[1]

Lars Espeseths Tresko og Rivefabrikk.
Foto: Ukjendt / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Lars Espeseth kjøpte Liabakken frå Hans Torstveit i 1915. I 1919 starta han opp fabrikken der han frå byrjinga dreiv mest med produksjon av tresko. I 1939 gjekk han over til å også produsere river, noko han gjorde fram til 1955.[2] Treskoa solgte han for det meste til folk i Bø, medan rivene vart solgt i heile distriktet, samt Drammen og Oslo.

Ved landsutstillinga for handverk i Kragerø i 1930 fekk Espeseth 1. premie for treskoa sine.

Eksterne lenker

Arkiv

Arkivet etter Liabakken tresko og rivefabrikk er registrert som "Lars T. Espesett rivefabrikk" ved Bø Museum, og er registrert i lista over privatarkiv frå Telemark.

Kjelder

  • Henneseid, Stian, Bø-soga II, Telemark, Gards- og ættesoga, band II, Skien, 1983.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Henneseid, 1983, s. 186.
  2. Henneseid, 1983, s. 578.