Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneInderøy museums- og historielag er historielag for det meste av Inderøy kommune i Trøndelag. Inderøy bygdemuseum ble stifta i 1901, Inderøy museumslag i 1977, i 1978 ble laget reorganisert og fikk det nåværende navnet. Etter reorganiseringa fikk laget langt flere arbeidsoppgaver. Dette førte til at det etter hvert ble valgt flere nemnder for de forskjellige deloppgavene. Historielaget har «til formål å arbeide fram sansen for og kunnskapen om historie og kulturminne i bygda. Laget vil arbeide for å samle og verne om alt av historisk interesse, folkeminne m.m. fra skrevne og uskrevne kilder.» Les mer …Armfeldtfelttoget er ei vanleg nemning på krigshandlingane som gjekk føre seg i Trøndelag under Den store nordiske krigen frå september 1718 til dødsmarsjen til karolinarane over Tydalsfjella i januar 1719. Ein styrke på om lag 10 000 soldatar, i samtida og ettertida ofte kalla Jemtlandsarméen, vart våren og sommaren 1718 samla kring Duved skanse i Jemtland for å foreta eit innfall i og erobre Trøndelag som ein del av det andre forsøket av Karl XII av Sverige på å ta Noreg under denne krigen. Arméen stod under kommando av generalløytnant Carl Gustaf Armfeldt, og felttoget har også fått namn etter han.
Også under det første forsøket Karl XII gjorde på å ta Noreg, var det planlagt ein operasjon i Trøndelag, men den kom aldri i gang. Men no skulle det også opprettast ein front her, også for å forhindre at dei norske avdelingane i regionen vart sendt sørover for å forsterke forsvaret i Sør-Noreg. I utgangspunktet var Karl XIIs plan at Jemtlandsarméen skulle avmarsjere frå Duved 15. august og erobre Trøndelag innan 28. september, altså på seks veker. Det skulle altså vise seg å vere umuleg. Les mer …
Hans Hansen Helgesen (fødd i Oslo den 4. oktober 1793, død i Rendsburg i Holstein den 28. februar 1858) var offiser og eventyrar. Han er ein av dei som i Danmark blir omtala som De tre norske graner for sin innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850. «Granene» inngår i heltegalleriet til både det danske og det norske offiserskorpset. Før dette hadde Helgesen ein karriere bak seg mellom anna som prøyssisk offiser på tampen av Napoleonskrigane og som hestehandlar og kanskje smuglar i Frankrike, og han kjempa under julirevolusjonen der. Helgesens gate i Oslo er oppkalla etter han. Helgesen voks opp i det som i dag blir kalla Gamlebyen i Oslo, men som den gongen tilhøyrde Aker prestegjeld. Foreldra var Hans Heljeson (1761-1828) og Karen Hansdotter (1761-1835). Faren var fødd i Sverige. Han var driftsstyrar (omtala som «alunmester» og «forvalter») ved John Collett sitt alunverk på Ekeberg. Da Helge voks opp, budde familien i det som i dag er Konowsgate 7. Dei forpakta ein plass, Holtop, og budde i eit gammalt hus som i segntradisjonen var knytta til kong Christian II si elskarinne i Oslo, Dyveke Sigbritsdotter. Les mer …
|
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|