Midt-Noreg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. sep. 2008 kl. 11:01 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Historiske namn på området inkluderer ''Frostatingslag(en)'', ''Nidaros (bispedømme)'' og ''Trondhjem'' (hovudlen, stiftsamt).)
Hopp til navigering Hopp til søk

Landsdeler
i Norge


Norske landsdeler G.png

Kart over Noreg med landsdelene innteikna. Midt-Noreg er markert med grønt.

Midt-Noreg eller Midt-Norge Mal:Nb er ein norsk landsdel som omfattar trønderfylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, i tillegg til Møre og Romsdal fylke, særleg Nordmøre og Romsdal, og til tider sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i den rettslege eininga Frostating lagdømme, som inkluderer Trøndelagsfylka og heile Møre og Romsdal, og den geistlege eininga Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983. I offentleg, administrativ samanheng svarar Midt-Noreg stort sett til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Samarbeidsorganet Byer i Midt-Norge (BIMN) inkluderer byane KristiansundNordmøre; Røros, Orkdal og Trondheim i Sør-Trøndelag; og Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos i Nord-Trøndelag.

Sjølve namnet Midt-Noreg er ei nydanning på line med Vestlandet, Sørlandet og Nord-Noreg som først vart teken i bruk kring 1950. Historiske namn på området inkluderer Frostatingslag(en), Nidaros (bispedømme) og Trondhjem (hovudlen, stiftsamt).

Offentleg administrasjon

Felles for Trøndelag og Møre og Romsdal

Annan inndeling

Organisasjonar

Trussamfunn

Næringsliv


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Midt-Noreg» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.