Pitesamar

Sideversjon per 1. jul. 2009 kl. 10:27 av Olve Utne (samtale | bidrag) (→‎Bibliografi: Halász 1893)

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsakleg har halde til mellom området kring Saltfjellet i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur til innsjøen Saddai i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur.

Pitesame frå Beiarn framføre ein goahti.
Foto: Norbert Kiss

Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og språket er no sterkt utryddingstruga med berre 20 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2000 i følgje Ethnologue.

Dei kommunane som særleg har hatt pitesamisk busetjing i Noreg er Rana kommune på Helgeland og Saltdal, Fauske, Bodø og Beiarn kommunar i Sør-Salten.

Bibliografi

  • Bylund, Erik: Koloniseringen av Pite Lappmark t.o.m. år 1867. (Geographica Skrifter från Uppsala Universitets Geografiska Institution; 30) Uppsala : Uppsala Universitets Geografiska Institution, 1956.[1]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből. Budapest : Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia, 1893.[2]
  • Kolmodin, Torsten: Folktro, seder och sägner från Pite Lappmark. Stockholm : Nordiska Bokhandeln, 1914. (Lapparne och deras land; 3)[3]
  • Kristensen, Camilla Høiby; Sivertsen, Gry Helen: Fortellinger fra samenes liv i Salten. Inndyr : Kunnskapssenteret i Gildeskål, 2003.[4]
  • Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [5]
  • Lundholm, Kjell: Från Storrebben till Sulitelma : natur, historia och befolkning i Pite älvdal. Luleå : Norrbottens museum, 1993. ISBN 91-85336-84-x [6]
  • Ruong, Israel: Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. (Uppsala universitets årsskrift; 1943:10)
  • Ruong, Israel: «Studier i lapsk kultur i Pite lappmark och angränsande områden» i Svenska landsmål och svenskt folkliv 66/67 (1943/44), nr. 242.
  • Sjølie, Randi: Byggeskikk i Lule, Pite og deler av nordsamisk område : verne- og forvaltningsplan for samiske bygninger : rapport2 fra feltarbeid 2001. [Varangerbotn] : Sametinget, 2001.[7]
  • Trohaug, Kjellrunn Kr.: «Strid om samisk namn på Bodø» i Avisa Nordland, 27.10.2003[8]
  • Wallquist, Einar; Forsberg, Allan; Lundholm, Kjell: Silvervägen : om äldre kommunikationer i Pite lappmark. [s.l.] : Norrbottens museum, [1975]. ISBN 91-85336-01-7 [9]

Sjå òg

Lenkjer