Forside:Pitesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Pitesamer»)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved Stødi på Saltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Dællek lä nielját allagumos várre Bájjdáran.
Foto: Einar B. Skomsvoll
Bájjdár (bidumsámen; julevsámen Bájddár, nuarrtasámen Báidár, vuonagielan Beiarn), lä kommuvdna Sálton. Lä 1 091 (1.1.2012) vieso Bájjdára kommuvnan. Bájjdára kommuvna plássa lä Moldjord. Ietjá dáfo Bájjdára kommuvnan lä Guollevágge (vuonag. Arstaddalen), Riebevágge (vuonag. Tollådalen), Dåresvágge (vuonag. Tverrådalen) ja Gråtådalen (vuonag.).   Les mer …

Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (bøyingslære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’).   Les mer …

Beiarn Finnekapell var en annekskirke i Gildeskål prestegjeld fra 1724 til 1858. Da ble Beiarn prestegjeld utskilt fra Gildeskål og fikk egen sokneprest. Finnekapellet ble oppført på anbefaling av Thomas von Westen etter en av hans reiser i Nord-Norge. Kapellet fikk ikke egen prest, men kateketer og misjonærer ble plassert i Beiarn. Etter rivingen av kapellet etter at Beiarn kirke ble oppført i 1873 ble inventaret, inkludert altertavle, prekestol, døpefont, kirkesølv, lysekroner og flere tavler, flyttet opp på loftet i den nye kirken.   Les mer …

Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved Stødi på Saltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.
Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer …

Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjon på Semska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjon på Nordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesamisk Båldno, lulesamisk Bållná) i Rana kommune på Helgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur


 
Andre artiklar