Pitesamisk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(→‎Stadieveksling: gulijt > guolijt ~ gulijt; retta ein trykkfeil)
Linje 8: Linje 8:
=== Stadieveksling ===
=== Stadieveksling ===
Pitesamisk har til felles med [[lulesamisk]] og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:
Pitesamisk har til felles med [[lulesamisk]] og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:
:''[[nom.]][[sg.]]'' guo'''ll'''e, ‘fisk’; ''[[akk.]][[pl.]] '' gu'''l'''ijt, ‘fiskane’
:''[[nom.]][[sg.]]'' guo'''ll'''e, ‘fisk’; ''[[akk.]][[pl.]] '' guo'''l'''ijt ~ gu'''l'''ijt, ‘fiskane’
(Det same rekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)
(Det same trekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)


=== Omlyd ===
=== Omlyd ===

Sideversjonen fra 24. jan. 2010 kl. 22:07

Tospråkleg vegskilt ved Árjepluovve (pitesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne, 2008.

Pitesamisk (bihtánsámegiella, bihtámasámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord. Den sørlege naboen umesamisk ligg nærme sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.

Kart over Nordland fylke med det historiske utbreiingsområdet i Norge for pitesamisk (fiolett) og lulesamisk (raudt).

Fonologi

Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd i større eller mindre grad.

Stadieveksling

Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:

nom.sg. guolle, ‘fisk’; akk.pl. guolijt ~ gulijt, ‘fiskane’

(Det same trekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)

Omlyd

Sørlege dialektar av pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Det finst i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk.[1]

Morfologi

Substantiv

Pronomen

Verb

Talord

Grunntal

0 10 lågev[2], [3] 20
1 ákkta[3] 11 21
2 guoktte[2] = guäktte[3] 12 22
3 gålbmå[3] 13 23
4 nällje[3] 14 24
5 vihta[3] 15 25
6 guhta[3] 16 26
7 gietjav[3] 17 27
8 gákktse[3] 18 28
9 åkktse[3] 19 29

Stadnamn

Buvda eller Båddådjo?

Pitesamisk vart aktuelt i nyheitene hausten 2003, da Sametinget foreslo overfor Bodø kommune at byen skulle innføre det lulesamiske namnet på byen, Båddådjo,[4] som offisiell samisk namneform. Den pitesamiske organisasjonen i Salten Salto bihtesamiid searvi påpeikte at Bodø og resten av Sør-Salten er gammalt pitesamisk område — i motsetning til det lulesamiske Nord-Salten, og at den lokale samiske namneforma var det pitesamiske Buvda, som forøvrig òg tyder ‘bua, butikken’ eller ‘handelsstaden’.[5]

Fotnotar

  1. Steggo, Peter: «Omlydstabell» på bloggen Muv árbbe
  2. 2,0 2,1 Muv árbbe
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Pite Saami Documentation Project, Humboldt-Universität zu Berlin
  4. Skrivemåten Båddådjo varierer elles med Bododdjo og Bodöddjo/Bodøddjo i lulesamisk.
  5. «Strid om samisk navn», NRK Nordland, publ. 20.10.2003

Sjå også

Bibliografi

  • Halász Ignácz: Lapponica, 1, Sprachtexte im schwedisch-lappischen Dialecte der Lule- und Pite-lappmark : gesammelt und zum Teil mit ungarischer Übersetzung, sowie einem lappisch-ungarisch und deutschen Glossar. Budapest : [s.n.], 1885. [Separatabdruck aus B. 19, der von der Ungar. Akademie d. w. herausgegebenen Zeitschrift “Nyelvtudományi közlemények”.][1]
  • Halász Ignácz: Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből. Budapest : Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia, 1893.[2]
  • Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [3]
  • Ruong, Israel: Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. (Uppsala universitets årsskrift; 1943:10)
  • Trohaug, Kjellrunn Kr.: «Strid om samisk namn på Bodø» i Avisa Nordland, 27.10.2003[4]