Sørsamisk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 128: Linje 128:
Likestavingssubstantiv finst som tostavingsord og firstavingsord; eksempla her viser tostavingsord. Det finst fire ulike stammetypar: ie-stamme, oe-stamme, a-stamme og e-stamme. Av desse har ie-stammane tradisjonelt mykje bruk av omlyd, mens dei andre har lite (oe-stammar) eller ingen (a- og e-stammar) omlyd. Eksempelorda her er '''gåetie''' ('kåte, hus'), ''baakoe'' ('ord'), ''maana'' ('barn, unge') og ''sååle'' ('øy').
Likestavingssubstantiv finst som tostavingsord og firstavingsord; eksempla her viser tostavingsord. Det finst fire ulike stammetypar: ie-stamme, oe-stamme, a-stamme og e-stamme. Av desse har ie-stammane tradisjonelt mykje bruk av omlyd, mens dei andre har lite (oe-stammar) eller ingen (a- og e-stammar) omlyd. Eksempelorda her er '''gåetie''' ('kåte, hus'), ''baakoe'' ('ord'), ''maana'' ('barn, unge') og ''sååle'' ('øy').


{| cellspacing="0" cellpadding="5" border="1"
{| cellspacing="0" cellpadding="3" border="1"
! Kasus
! Kasus
! colspan="2" | Mønster
! colspan="2" | Mønster
Linje 239: Linje 239:
| colspan="2" | såål'''ine'''
| colspan="2" | såål'''ine'''
|}
|}
Vi ser at komitativ eintal, inessiv fleirtal og essiv har samanfall av former (''gøøtine, baakojne, maanine, sååline''), og likeleis akkusativ fleirtal og illativ fleirtal (gøøtide, baakojde, maanide, såålide). Det totale antalet reelle ordformer per substantiv er altså 12.


==== Verb ====
==== Verb ====

Sideversjonen fra 6. mar. 2014 kl. 11:00

Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne

Sørsamisk er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.

Historie

Grammatikk

Fonologi (lydlære)

Sørsamisk manglar, i motsetning til ume-, pite- og nordligare samiske språk, stadieveksling, men har til gjengjeld eit rikt utbygd omlydssystem.

Vokalar

Generelt har sørsamisk eit rikt system av korte vokalar (skrivne som enkeltvokal), lange vokalar (skrivne som dobbeltvokalar) og diftongar. Skiljet mellom lang vokal og diftong er ikkje tydelig, og lange vokalar er gjerne meir eller mindre diftongiske. Skriftspråket opererer med desse urunda vokalane:

i e æ a
ie ee ae
ea aa


Dei runda vokalane er:

y u o å
ue oe åe
öö ua åa åå

I uttalen finst det nyansar som ikkje er uttrykt i skriftspråket. For eksempel uttrykkjer grafemet (i) både lys i og mørk i, der den sistnemnte kan skrivast med tødlar: «ï». Likeleis har kort (a) både ein lys og ein mørk uttale (den sistnemnte kan spesifiserast som «â»). Lange vokalar og diftongar inkluderer dei tvetydige (ie) (meir nøyaktig «ie» vs. «ïe») og (ee) (meir nøyaktig «ee» vs. «ææ»).

I tillegg til desse vokalane og diftongane finst diftongane som skrivst som vokal + j og vokal + v. Desse diftongane er tydelige i fall som aej, der det er stor artikulatorisk avstand mellom utgangsvokal og glidevokal. I artikulatorisk meir like fall som ved o+v, u+v, y+j og i+j glid diftongen ofte saman til éin lang vokal (f.eks. i buvrie (stabbur)).

Konsonantar

labial dental palatal/
retrofleks
velar/
uvular
uaspirert plosiv b d   g
aspirert plosiv p t   k
affrikat   ts tj  
nasal m n nj ng
likvid   r   l lj  
frikativ f s sj h
friksjonslaus v   j  

Morfologi (formlære)

Sørsamisk er eit formrikt språk. Blant anna kan nemnast at språket har åtte kasus av substantiv og pronomen; verb og pronomen blir bøygd i eintal, total og fleirtal; og verbsystemet er prega av eit stort tal systematiske aspektsuffiks.

Kasus

Sørsamisk har 3 grammatiske kasus (nominativ, akkusativ, genitiv), 3 lokale kasus (illativ, inessiv og elativ) og 2 adverbiale kasus (komitativ og essiv). I motsetning til umesamisk, manglar sørsamisk partitiv og abessiv. Pronomen, adverb, substantiv og talord kan bli bøygd i kasus.

  • Nominativ er grunnforma av orda og enkel subjektsform.
  • Akkusativ er enkel objektsform og enkel tidsform.
  • Genitiv er eigeform og blir ofte bruka som bindeform. Substantiv tek genitiv føre postposisjonar.
  • Illativ (til-kasus) uttrykkjer tilstad, tiltid og mottakar.
  • Inessiv (i-kasus) uttrykkjer påstad og i-tid.
  • Elativ (frå/av-kasus) uttrykkjer fråstad, fråtid, årsak og material/utgangspunkt.
  • Komitativ (med-kasus, i lag med-kasus) uttrykkjer redskap/middel.
  • Essiv (bli-kasus) uttrykkjer at subjektet eller objektet blir/vart til noko eller er/var noko ei stund; dessutan at nok blir kalla noko.

Pronomen

Dei personlige pronomena blir bøygd i 8 kasus og 3 personar, så vel som i eintal, total og fleirtal. Sørsamisk har, som dei fleste uralske språka, ikkje kjønnsmarkerte pronomen.

Substantiv

Likestavingssubstantiv

Likestavingssubstantiv finst som tostavingsord og firstavingsord; eksempla her viser tostavingsord. Det finst fire ulike stammetypar: ie-stamme, oe-stamme, a-stamme og e-stamme. Av desse har ie-stammane tradisjonelt mykje bruk av omlyd, mens dei andre har lite (oe-stammar) eller ingen (a- og e-stammar) omlyd. Eksempelorda her er gåetie ('kåte, hus'), baakoe ('ord'), maana ('barn, unge') og sååle ('øy').

Kasus Mønster -ie -oe -a -e
Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal Eintal Fleirtal
Nominativ - -h gåetie gåetieh baakoe baakoeh maana maanah sååle såålh
Akkusativ -m -jde gåetiem gøøtide
gåetide
baakoem baakojde maanam maanide såålem såålide
Genitiv -n -j gåetien gøøti
gåetiej
baakoen baakoej maanan maanaj såålen sååli
Illativ -an / -se -jde gåatan gøøtide
gåetide
baakose baakojde maanese maanide såålese såålide
Inessiv -sne -ine gåetesne gøøtine
gåetine
baakosne baakojne maanesne maanine såålesne sååline
Elativ -ste -jste gåeteste gøøtijste
gåetijste
baakoste baakojste maaneste maanijste sååleste såålijste
Komitativ -ine -jgujmie gøøtine
gåetine
gøøtigujmie
gåetiejgujmie
baakojne baakoejgujmie maanine maanajgujmie sååline sååligujmie
Essiv -ine gøøtine
gåetine
baakojne maanine sååline

Vi ser at komitativ eintal, inessiv fleirtal og essiv har samanfall av former (gøøtine, baakojne, maanine, sååline), og likeleis akkusativ fleirtal og illativ fleirtal (gøøtide, baakojde, maanide, såålide). Det totale antalet reelle ordformer per substantiv er altså 12.

Verb

Syntaks (setningslære)

Skriftspråkshistorie

Føre 1880

Føre 1880-åra fanst det ikkje noko skriftspråk for sørsamisk. Den nærmaste litterære dialekten var umesamisk, som saman med pitesamisk utgjorde kjerneområdet for det stiliserte samiske litteraturspråket frå 1600-talet til godt innpå 1800-talet. Dette skriftspråket opererte for eksempel verken med omlyd eller stadieveksling.

1880-åra: Halász

Sommaren 1884 gjorde den ungarske språkforskaren Halász Ignácz feltarbeid i det sørsamiske området.

Kjelder og litteratur

(Sortert etter utgjevingsår)

Fotnotar

Språklæringsressursar