Salten

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. feb. 2009 kl. 16:57 av Cnyborg (samtale | bidrag) (lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.

Salten (lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidligare futedømmet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar, og den lokale dialekten i området heiter saltværing.

Kommunane som blir rekna inn i regionen ligg kring fjordsystemet Saltfjorden, Saltstraumen, Svefjorden, Skjerstadfjorden og Saltdalsfjorden. Kommunane her er Hamarøy, Steigen, Sørfold og Fauske i nord og Saltdal, Beiarn, Gildeskål og, i våre dagar, Meløy i sør; og i midten ligg Bodø, som òg omfattar den tidligare Skjerstad kommune sør for Skjerstadfjorden. Administrativt og kommunikasjonsmessig sett er RødøyHelgeland og Værøy og Røst i Lofoten tett knytte til Salten; frå 2001 har desse tre kommunane og Meløy blitt lagt inn under Salten tingrett i Hålogaland lagdømme.) 1.10.2007 var folketalet i dei ni eigentlige Salten-kommunane, inkludert Hamarøy og Meløy, 76 329 innbyggjarar.[1]

Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidligare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten blitt ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.

Landskapstypane i Salten varierer sterkt, frå fiskeværa og kystbygdene i Steigen til innlandsbygdene i Saltdal og Beiarn. Her finst det område som har hatt tradisjonell reindriftSaltfjellet, i Beiarn og Gildeskål; og her finst nesten urørt natur i Rago nasjonalpark. Rago er ei naturlig fortsetting av nasjonalparkane Padjelanta, Sarek og Stora Sjöfalletsvensk side av riksgrensa. Junkerdal nasjonalpark ligg innanfor Saltdal og Fauske, medan berre deler av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark høyrer til Salten.

Administrative inndelingar

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Salten» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Salten» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.