Sigurd Førsund: Forskjell mellom sideversjoner
(Mellomlagring) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
<onlyinclude>{{thumb høyre|Førsund fam i Skjåk.jpg|Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.|Ukjent}} | <onlyinclude>{{thumb høyre|Førsund fam i Skjåk.jpg|Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.|Ukjent}} | ||
'''[[Sigurd Førsund|Sigurd Olsen Vamråk Førsund]]''' (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande [[Høyanger kommune]], død i [[Arna|Indre Arna]] i nåverande [[Bergen kommune]] 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han er | '''[[Sigurd Førsund|Sigurd Olsen Vamråk Førsund]]''' (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande [[Høyanger kommune]], død i [[Arna|Indre Arna]] i nåverande [[Bergen kommune]] 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpoltikk ([[Venstre]]) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av [[Tore Ørjasæter]], og innspela av [[Sissel Kyrkjebø]] på debutalbumet hennar i 1986. | ||
== Oppvekst == | == Oppvekst == | ||
Sigurd voks opp på eit bruk på garden Føsund (Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide | Sigurd voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jektesglar for eiga rekning.</onlyinclude><ref>[http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f01416&gardpostnr=84&personpostnr=&bilete=true Folketeljinga 1900 for Fesund.]</ref> | ||
== Ung lærarfamilie på flyttefot == | == Ung lærarfamilie på flyttefot == | ||
Linje 14: | Linje 14: | ||
Så flytta Førsund og familien til [[Lardal kommune|Lardal]] i Vestfold (1911-1912), [[Stord |Stord]] (1912-1913), [[Etne kommune|Etne]] i [[Sunnhordland]] (1913-1914) og [[Sjernarøy]] (nåverande [[Finnøy kommune]] i [[Ryfylke]]) (1914-1919). | Så flytta Førsund og familien til [[Lardal kommune|Lardal]] i Vestfold (1911-1912), [[Stord |Stord]] (1912-1913), [[Etne kommune|Etne]] i [[Sunnhordland]] (1913-1914) og [[Sjernarøy]] (nåverande [[Finnøy kommune]] i [[Ryfylke]]) (1914-1919). | ||
== | == Mangeårig yrkesliv og samfunnsengasjement i Etne == | ||
Dei kom til Etne igjen i 1919, og Førsund hadde lengste samanhengande tenestetida si der, heilt fram til 1953. Han fekk stilling som lærar og kyrkjesongar på Rygg, og flytta inn i heimen Fredly, som var klokkarbustad. | Dei kom til Etne igjen i 1919, og Førsund hadde lengste samanhengande tenestetida si der, heilt fram til 1953. Han fekk stilling som lærar og kyrkjesongar på Rygg, og flytta inn i heimen Fredly, som var klokkarbustad. | ||
I Etne engasjerte Førsund seg sterkt i samfunns- og kulturliv. Han sat i heradsstyret og skulestyret og var likningssekretær. I Etne skulestyre var han formann i 13 år. Politisk sokna han til Venstre, og hadde tillitsverv i partiet. Førsund var styremedlem og formann i Sunnhordland krins av [[Noregs Lærarlag]]. Han var målmann og var mellom anna styremedlem i [[Karmsund fylkesmållag]]. | |||
== Lokalhistorikar på sine eldre dagar == | == Lokalhistorikar på sine eldre dagar == | ||
Linje 40: | Linje 42: | ||
[[Kategori:Lokalhistorikere]] | [[Kategori:Lokalhistorikere]] | ||
[[Kategori:Bygdebokforfattere]] | [[Kategori:Bygdebokforfattere]] | ||
[[Kategori:Venstrepolitikere]] | |||
[[Kategori:Målfolk]] | |||
{{F1}} | {{F1}} |
Sideversjonen fra 8. apr. 2013 kl. 07:33
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpoltikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986.
Oppvekst
Sigurd voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jektesglar for eiga rekning.[1]
Ung lærarfamilie på flyttefot
Sigurd Førsund tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1906. Han hadde tilleggsutdanning mellom anna med stipend til songkurs 1910, sløydkurs 1914 og tysk gjennom Norsk korrespondanseskole 1922.
Han hadde lærarstillingar mange stader dei fyrste åra: Fyrst på Brekke i Sogn 1906-1907, så i Sveio 1907-1909, der han vart kjend med Arnfine Dommersnæs (1886-1966) dotter av lærar Sigve Haakonsen Dommersnæs og Marta Arnfinnsdotter Svendsbø. Sigurd og Arnfine gifta seg i Sveio i 1909. Dei fekk fem søner og fire døtrer, fødde i tidsrommet 1910-1924.
Same året dei gifta seg, kom dei til Skjåk i Gudbrandsdalen, der dei vart verande i to år. Førsund var lærar i Holmork skule og organist i Skjåk kyrkje. Det var nå Sigurd Førsund lærde Tore Ørjasæter å kjenne, og han komponerte tonen til Vestland og eit anna av dikta til lyrikaren som hadde fått gjeve ut sine to fyrste diktsamlingar rett før, i 1908 og 1910.
Så flytta Førsund og familien til Lardal i Vestfold (1911-1912), Stord (1912-1913), Etne i Sunnhordland (1913-1914) og Sjernarøy (nåverande Finnøy kommune i Ryfylke) (1914-1919).
Mangeårig yrkesliv og samfunnsengasjement i Etne
Dei kom til Etne igjen i 1919, og Førsund hadde lengste samanhengande tenestetida si der, heilt fram til 1953. Han fekk stilling som lærar og kyrkjesongar på Rygg, og flytta inn i heimen Fredly, som var klokkarbustad.
I Etne engasjerte Førsund seg sterkt i samfunns- og kulturliv. Han sat i heradsstyret og skulestyret og var likningssekretær. I Etne skulestyre var han formann i 13 år. Politisk sokna han til Venstre, og hadde tillitsverv i partiet. Førsund var styremedlem og formann i Sunnhordland krins av Noregs Lærarlag. Han var målmann og var mellom anna styremedlem i Karmsund fylkesmållag.
Lokalhistorikar på sine eldre dagar
Familien flytta til Arna ved Bergen i 1953, der dei vart buande resten av livet. På sine eldre dagar brukte Førsund mykje av tida si på å skrive gards- og ættesoge for Kyrkjebø, saman med broren Adolf Førsund.
Referansar
Kjelder og litteratur
- Dyrvik, Ståle: Etnesoga. Fjerde bandet. Folket Stødle sokn. Etne kommune 1995. Side 310-311.
- Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Bygdeboknemnda for Kyrkjebø, 1. opplag 1949, oppdatert med tillegg til 1994, 1995. side 142 og 144.
- Norske skulefolk band I, Dreyer forlag Stavanger 1952., red. Karl Bakke, band
- Mæland, Arnfrid: «To korte kvinnehistorier» med supplerande opplysningar på e-post til Hans P. Hosar frå Arnfrid Mæland, april 2013.