Svevalivegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Svevalivegen på Nordagutu i Midt-Telemark kommune går nordover frå Rogholtvegen ved jernbaneundergangen ved Torvet til enden av Svevalibakken i bustadsområdet Svevalia.
Vegen har namn etter garden Sveva og blei namnsett i 1999. Den er om lag 880 m lang, og busetnaden består av 18 einebustader.
I 2018 blei det vedtatt å leggje den 110 m lange vegen Utsikten til Svevalivegen.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Info fra Sauherad kommune: nyeadresser-0822-sauherad.pdf