Trønder

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. apr. 2013 kl. 08:48 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (kategorisplitting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne sida handlar om språkforma trønder. For folk frå Trøndelag, sjå trønderar.

Skilt i glasdisken i Seven–eleven ved krysset mellom Munkegata og Dronningens gate i Trondheim: «Kakskiv» (‘brødskive’).
Foto: Olve Utne, 2009

Trønder eller trøndermål, òg kalla trønderdialekt, trøndsk eller trøndersk, er ei av hovudgruppene av norske dialektar. Trøndermåla blir tradisjonelt snakka i heile Sør- og Nord-Trøndelag og Nordmøre; og i tillegg i Bindal kommune i Nordland; i Frostviken og Herjedalen i Sverige; samt i Elgå og Kvikne i Nord-Østerdalen. Strukturelt er trøndermåla særprega av tjukk l, jamvekt og varierande grad av apokope. Alle desse trekka er felles med norrländska (inkludert jamska) i Sverige og austsvenske mål på vestkysten av Finland og i Estland. Innanfor Norge er trøndermåla strukturelt sett mest i slekt med austlandsmåla og ordgeografisk sett vel så nært i slekt med nordnorsk.

Underdialektar

Trøndermåla blir oftast inndelt i hovudgruppene uttrøndsk og inntrøndsk. Uttrøndsk inkluderer nordmøring, fosning og ytternamdaling med respektive underdialektar; og inntrøndsk inkluderer dalmåla i Sør-Trøndelag, så vel som dialektane i midtre og indre deler av Nord-Trøndelag. Trondheimsdialekten står i ei mellomstilling, men har mest til felles med fosenmåla i formverket.