Årdal krins (Breim)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå fylkesatlas.no
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Årdal krins var ein skulekrins i Breim kommune. I 1860 bestod krinsen av gardane Årdal, Frøystad, Bogstad. Dei delte ein lærarpost med Førde krins. I 1964 vart Årdal krins lagt ned og elevane flytta til Reed krins. Då hadde grenda fått veg til Reed og barnetalet var minkande.

Skulehus

Gamle Årdal skule (Breim)

  • Byggeår: 1874. Gnr. 118, bnr. 5
  • Fungerte som skule: 1874-1915
  • Anna bruksområde:


Årdal skule (Breim)

  • Byggeår: 1915. Gnr. 118, Bnr. 4
  • Fungerte som skule: 1915-1964
  • Anna bruksområde:

I 1948 sende Årdal skulekrins søknad til skulestyret om å få tilbygg på skulehuset. Skulen mangla kjellar og hadde ikkje høveleg rom for sløyd og kroppsøving. Skulestyret fremja saka for heradstyre som gjorde vedtak om bygging.

Skuledagen

I det eldste skulehuset sat elevane på 4-mannspultar med lause benkar. Ryggstøtte fekk dei frå pultane bakom. Sjølv om skulen var enkel var det likevel ein del bedre enn å halde skule i private stover, der folket på garden dreiv med sitt daglege arbeid i same stova.

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Raad Rasmus Årdal og Nesstrand (omgangsskule) 1743
Mardal Anders kristenson 1784 Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) Truleg 1801 Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841.
Førde Krispinus Høygardane skule, Årdal skule, Førde skule 1867 1879
Hole Nils R. Årdal skule, Førde skule 1879 1886
Glomnes Kristianne 1870 Sandal skule, Bjørnaheim skule, Gåsemyr skule, Reed skule, Høygardane skule, Hole skule, Årdal skule
Aasebø Erik A. Høygardaneskule, Årdal skule, Førde skule 1886
Henden Gudbrand Årdal skule, Førde skule 1894
Næss Ingebrigt Nessestranda skule, Kandal skule, Årdal skule, Førde skule Høygardane skule 1894 1937 Arbeidde som lærar tol han var 75 år.
Reed Torstein Årdal skule, Reed skule 1942 1964

Strid mellom krins og lærar

Det kom til bitter strid mellom foreldra i Årdal krins og lærar Erik Aasebø. Foreldra klaga over at læraren sov bort mykje av undervisningstida, og dei ville ha han avsett. Lærar Aasebø på si side meinte han ikkje hadde forsømt seg. Krinsen klaga til skulekommisjonen men ingenting vart gjort. Krinsen tok då saka i eigne hender og leigde seg ein lærar. I tillegg måtte dei leige seg skulestove, for skulehuset fekk dei ikkje bruke. Det førte til at lærar Aasebø sat turane sine til Årdal, utan skuleborn, og laga hornskeier. Striden vart løyst ved ny krinsdeling då Årdal krins kom saman med Nesstranda krins og Gudbrand Henden vart lærar.

Foto

Kjelder og litteratur

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Koordinater: 61.672256° N 6.426348° Ø