Førde krins (Breim)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå Fylkesatlas
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Førde krins høyrde til gamle Breim kommune fram til 1964, då vart grenda flytta til Jølster kommune. Førde krins ligg inst i Breimsvatnet. Krinsen finn vi tilbake til 1860 og delte ofte ein lærarpost med Årdal. I 1910 var det berre tre elevar på skulen og krinsen vart nedlagd, elevane måtte då reise på skule i Årdal krins (Breim). Først i 1924 vart skulen teken opp att, og då med berre fire elevar. I 1948 godkjende skuledirektøren 16 veker skule i Førde krins, men gjorde merksam på at skulen ikkje kunne halde fram om ikkje barnetalet auka. Skulen heldt fram til 1965, då vart den slegen saman med Skei krins i Jølster kommune.

Skulehus

Førde skule (Breim)

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Raad Rasmus Årdal og Nesstrand (omgangsskule) 1743
Mardal Anders Kristenson 1784 Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) Truleg 1801 Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841.
Førde Krispinus Høygardane skule, Årdal skule, Førde skule 1867 1879
Hole Nils R. Årdal skule, Førde skule 1879 1886
Aasebø Erik A. Høygardaneskule, Årdal skule, Førde skule 1886
Henden Gudbrand Årdal skule, Førde skule 1894
Bjørkelo Nils Gåsemyr skule, Teita skule, Førde skule 1899 1910
Myklebust Kristi Førde skule Hadde halv lærarpost i Førde og halv post som handarbeidslærar under krigen
Egge Sigurd Bergheim skule, Førde skule 1952 1956
Bogstad Einar Førde skule Siste læraren i Førde krins

Foto

Kjelder og litteratur

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Koordinater: 61.618797° N 6.448794° Ø