Øitun (Fedje gnr 168 bnr 246)
Øitun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
| Øitun | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 246 |
| Adresse: | Husøyna 48 |
1. Irene Eckholm f. 1944 Svena (gnr 168 bnr 115-1b) d. 1998 g. 1963 m. Stein Øien, Oslo f. 1945. Skøyte 1974 på tomt frådelt Berge gnr 168 bnr 22. Huset vart bygd i 1976, dei budde tidlegare i Rælingen, Akershus. Ekteskapet oppløyst, Stein busett i Bærum, vaktmeister, seinare bustad Mogreina i Ullensaker.
Born: a. Stig Idar Øien f. 1964 g. 1985 m. Marit Solbakk f. 1966 Kopper (gnr 168 bnr 106-3a), busette i Husøyna (gnr 168 bnr 351-2). b. Morten Egil Øien f. 1965 g. 1992 m. Rose Marit Langedal f. 1968 (gnr 169 bnr 31-2a), busette der (3), seinare Husøyna gnr 168 bnr 403. c. Elin Iren Øien f. 1969 g.m. Bjørn Solbakk f. 1969 Kopper (gnr 168 bnr 106-3b), busette i Husøyna (gnr 168 bnr 322-2). d. Jarle Kenneth Øien f. 1971 g. 1998 m. Lena Kristin Skråmestø f. 1973 Askøy, busette der. Sjå òg Svena gnr 168 bnr 115-2.
2. Line Solbakk f. 1976 Kopper (gnr 168 bnr 106-3c), fiskeindustriarb., reinhaldar, g. 2011 m. Steinar Stormark f. 1972 (gnr 172 bnr 141-1e), fiskar, oljearbeidar. Skøyte i 1998. Garasje vart sett opp i 2011.
Born: a. Andreas Solbakk Stormark f. 1997, tømrar, samb. 2021 m. Benedicte Thorsen Gjelland f. 1994 Bergen, psykolog, bustad Narvik. b. Karoline Solbakk Stormark f. 2000.
| Øitun (Fedje gnr 168 bnr 246) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Jan-ås (Fedje gnr 168 bnr 242) • Neste bolk: Magneheim (Fedje gnr 168 bnr 247/256) |