Husøyna 11 (Fedje gnr 168 bnr 322)
Husøyna 11 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
| Husøyna 11 | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 322 |
| Adresse: | Husøyna 11 |
1. Thore Gullaksen f. 1957 Grenda (gnr 168 bnr 143-1a), platearb., g. 1978 m. Anne Grethe Dreyer f. 1959 Måløy i Vågsøy, pleiemedhjelpar. Skøyte 1981 på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 og gnr 168 bnr 307 same året (bnr 307 vart frådelt gnr 168 bnr 15 i 1980). Huset vart bygd i 1982. I 1995 selde dei huset og flytta til Måløy, no i Kinn kommune.
Born: a. Anett Dreyer Gullaksen f. 1979, bustad Åsane i Bergen, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 136-5.2. b. Trygve Dreyer Gullaksen f. 1984 samb.m. Gunnhild Bortne f. 1984 Selje, bustad Florø.
2. Elin Øien f. 1969 Husøyna (gnr 168 bnr 246-1c), lærarvikar, barnehageassistent, g. 2013 m. Bjørn Solbakk f. 1969 Kopper (gnr 168 bnr 106-3b), verkstadarb., oljearb. Skøyte her i 1995.
Born: a. Joakim Solbakk f. 1993, bustad Bergen. b. Espen Solbakk f. 1997, maskinist, samb.m. Silje Fredriksen f. 1997 Kolås i Lindås (jf Lindåsb. III s 503), bustad Risa i Lindås, Alver kommune. c. Susann Iren Solbakk f. 1999 samb.m. Thomas Lunde frå Bergen, busette der.
| Husøyna 11 (Fedje gnr 168 bnr 322) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Flundrevågsvegen 22 (Fedje gnr 168 bnr 321) • Neste bolk: Flundrevågsvegen 13 (Fedje gnr 168 bnr 327) |