Saumerke

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Øyremerking av sau»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fire saumerke frå merkeboka for Tustna.

Frå gamle tider har saumerke, òg kalla krøttermerke, som viser kven som eig sauene vore skorne inn i sauøra — på same viset som reinmerke i reindrifta. Saumerka har først og fremst vore knyta til gardsbruka med eigarane sine, og merka har oftast gått i arv. Desse saumerka har gjerne vorte registrert i handskrivne eller trykte merkebøker.

Seinare vart sauene identifisert med påskrift på halsklaven i tillegg til dei tradisjonelle saumerka, og frå 1930-åra har aluminiums-øreklips vorte vanlig i staden for halsklavemerkinga. Plast-øreklips tok gradvis over for aluminiumsmerka i løpet av 1980-åra, og frå den tida har dei gamle øremerka gått meir og meir utor bruk. Sidan 2010 har elektroniske øremerke vore påbode anna enn i lam som skal slaktast føre dei er 12 månader gamle og som ikkje skal eksporterast til noko EU- eller EØS-land.

Tradisjonelle saumerke

Merkebøker

To sider frå eit handskrive eksemplar av merkeboka for Tustna.

Saumerka vart gjerne ført i handskrivne merkebøker som dekte alle saubrukarane i eit visst område. I den tidligare Tustna kommune var det såleis ei merkebok som dekte sjølve Tustna-øya, der det var vanlig å ha felles sauleiting medan det enno fanst sauer på dei fleste gardane. I merkebøkene var øra vist attafrå, skråstilt opp og ut frå eit stilisert sauhovud. Det var gjerne teikna ull på haudet for å gjera det tydeligare at ein såg sauen attafrå. Kvart merke var forsynt med namnet på brukaren som eigde saumerket. Når sauene og merka vart overført til ny brukar, vart det nye namnet innført og det gamle overstroke. Somme stader vart merkebøkene ikkje berre avskrivne, men endatil trykt og distribuert år om anna.

Klavemerke

1935: Aluminiumsklips

Metallmerke og tong.
Foto: Olve Utne

Gula Tidend 1935, nr. 105, 5, 3:
Nye sauemerke.
  J. Jandal i Naustdal hev laga nokre nye sauemerke av aluminium som kan setjast fast i øyro på dyri. Det er namn og nummer på dei og dei fell mykje billegare i bruk enn dei halsklavane som no vert nytta.

Plastklips

Sau merkt med øreklips av plast på Vendelsö i Halland i Sverige.
Foto: Kossan Mu

Elektroniske øreklips

Kjelder

Lenkjer

Sjå òg