Axel Herman Byström

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «A.H. Bystrøm»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Axel Herman Byström (18581933), mest kjent som A.H. Byström, var ein offiser og kartograf frå Blekinge. I Noreg har han først og fremst spela ei rolle som medforfattar av Nyt norsk skole-atlas (Beyer, ca. 1900) saman med overlærar Jakob Norby frå Bergen.

Axel Herman Byström vart fødd den 25. mai 1858 i Karlskrona i Blekinge län som son av överstelöjtnant og musikar Johan Tomas Byström (18101870). I 1879 vart han underløytnant i Värmlands fältjägarkår, og i 1902 vart han kaptein ved Vaxholms grenadjärregiment. Han vart major ved Generalstaben i 1904, öfverstelöjtnant (obberstløytnant) der i 1908 og öfverste (oberst) i arméen i 1914. I perioden 18841903 var han kartredaktør ved Generalstabens litografiska anstalt, og i perioden 19041915 var han befälhafvare ved Generalstabens topografiska fältarbeten. I tillegg til å utgje mange skulekart og to länskart (Värmland, Norrbotten), er han kjent for å ha vore dr. Sven Hedin sin medarbeidar ved redigeringa og utgjevinga av dei kartografiske arbeida frå oppdagingsreisene hans i tida 18941908.

Verk

Bøker og artiklar

  • 1899 - Våra kartor : en rådgifvare vid köp af kartor öfver Sverige eller delar deraf. Stockholm : Generalstabens litografiska anstalt, 1899.
  • 1913 - Vorbereitende Arbeiten in Schweden und darauf gegründete Anträge. (Beschlüsse des internationalen Weltkartenkomitees in London 1909.) Stockholm, 1913.
  • 1922 - Hypsometrical maps in 52 sheets : with special use of dr. Hedin's panoramas constructed and drawn by H. Byström. (Southern Tibet : discoveries in former times compared with my own researches in 1906-1908; [11]). Stockholm : Generalstabens litografiska anstalt, 1922.

Som medforfattar

  • ca 1900 - Bystrøm, A.H. og Jakob Norby: Nyt norsk skole-atlas. Bergen : Beyer, [ca. 1900]

Kart

  • 1897 - «Karta öfver Vermlands län». 4 bl. [Stockholm] : Generalstabens litografiska anstalt, 1897.[1]
  • 1904 - «Karta öfver Norrbottens län». 4 bl. [Stockholm : Generalstabens litografiska anstalt], 1904.

Fotnotar

Kjelder