Agmund Hole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Postkort med Gamle Blomhaug skole i Hunndalen, der Hole var lærar. Familien budde òg på skulen. På biletet kan vi dessutan sjå litt av hagen han var så glad i.

Agmund Hole (fødd 26. februar 1878 i Sunnylven, død 1940) var lærar, kordirigent og aktiv fråhaldsmann. Frå 1899 til 1939 var Hole lærar i Hunndalen ved Gjøvik. Han var òg forretningsførar for Vardal likningsvesen i fire år og formann/forretningsførar for provianteringsrådet i eitt år. Hole er ikkje minst kjend for å ha samla gamle folkeviser og folkemusikk frå Vardal. Agmund Holes veg i Hunndalen er oppattkalla etter han.

Bakgrunn og familie

Han var son av kyrkjesongar Ivar Hole og Anne Nilsdotter. Mora vart tidleg enkje, den yngste var så vidt fødd da mannen døydde. Ungane vart strengt oppdregne og tidleg opplært til arbeid. Mora var kristen og overtydd fråhaldskvinne, og dette var verdiar som vart overførde til sonen Agmund.

Agmund Hole vart gift med Anna Johnsdotter (1881-1958), frå garden Øvre Nygard i Hunndalen. Dei fekk ein son og døtrene Målfrid (1907-87) og Astrid.

Lærar i Hunndalen

Agmund Hole tok eksamen ved Volda lærarskule i 1899. Der fekk han rektor Kårstad som lærar, og Hole sette stor pris på han.

Som nyutdanna vart han i 1899 tilsett i Steinberg skulekrins på industristaden Hunndalen i dåverande Vardal kommune. Etter 4-5 år vart skulestaden Blomhaug bygd, oppattkalla etter prost Peter Blom. Hole kjende Blom godt, og det skal ha vore han som foreslo namnet.

Agmund Hole vart snart fyrstelærar ved Blomhaug. Hole var tilsett ved same skule til han gjekk av med pensjon i 1939, altså etter 40 år. Ifølgje dottera Målfrid hadde faren et «lyst kristensyn som han forsøkte å formidle i skolegjerningen og gjennom sangen, og gjennom det kristen/sosiale foreningsarbeidet han deltok i.»

Song og musikk, fråhald og kristenliv

Agmund og Anna Hole sitt gravminne på Hunn gravlundGjøvik. Foto frå 2014.

Hole var engasjert i song og musikk, og hadde ifølgje bokverket Norske skolefolk leia «eit, tvo eller tre songkor kvart år sidan 1900». På 1930-talet hadde han barnekor og to blanda kor. Han gav i 1930 ut Håndbok for korsangere og samla inn mykje tradisjonsmusikk frå Vardal. Han gikk rundt i heile bygda og tala ved eldre folk som han hadde trudde kunne hjelpe han med dette. Hole skreiv ned notene etter kvart som intervjuobjekta sang melodiane. I 2002 kom boka Agmund Hole og visene han fant.

Eit anna interessefelt var fråhaldssaka. Han arbeidde innanfor D.N.T. og var i mange år formann i Vestopland fylkeslag. Han leia òg barneavholdslaget i Hunndalen. Hole var med i Kyrkjemisjonen og Sjømannsmisjonen, der han ofte deltok med andakt.

Hagedyrkar

Til liks med mange andre lærarar av sin generasjon var Agmund Hole interessert i frukt- og grønnsaksdyrking. Han var kanskje den fyrste i Hunndalen som byrja med tomatdyrking. Dottera Målfrid fortalde at «Det hadde ingen sett herover tidligere. Jo, det vokste mye tomater i veggen på Blomhaug.»

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer/vidare lesing