Anne Sjøvik
Hopp til navigering
Hopp til søk
Anne Sjøvik (fødd 1865 i Sør-Odal, død 1933). Foreldra hennar var gardbrukar Amund Gudbrandsen Toner (1819–1881) og Berte Amundsdotter Jerstad (1823–1882). Ho voks opp på garden Sjøviken i Slåstad i Sør-Odal som den nest yngste i ein søskenflokk på ti.
I 1887–88 gjekk ho på Askov folkehøgskule i Danmark. Ho var òg ei tid i USA. Etter å ha budd i Oslo ein del år flytte ho heim til Sør-Odal. Ho var ugift.
I folketeljinga 1910 står «Kjolesøm» som yrke, og ho budde i Løkkeveien 13 på Ruseløkka.[1]
Referansar
- ↑ Anne Sjøvik i folketeljinga 1910 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.
Kjelder
- Kirkeby, Birger: Sør-Odal bygdebok bd. II. Ny utg. 1999.
- Anne Sjøvik i Historisk befolkningsregister.
|