Belglii 27 (Bykle)
Belglii 27 | |
---|---|
Utskilt: | 1986 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 483 |
Type: | Bustadseigedom |
Belglii 27 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført av Lilly Esther Vatnedalen (nå Stanescu) i 1987. Ho har hatt fleire leigebuarar her, men den som har vore her dei siste åra (pr. 2006) er ein kar frå Sverige som driv firmaet Skibua A/S ved Hovden skisenter.
- Putte Gottlieb, f 1958
- g m Camilla, f 1962. Born:
- Kim, f 1992
- Felix, f 1996
Skibua A/S driv med skiutleige, skiskule og organisering av skiaktivitetar. Putte er på Hovden 5 månader kvar vinter, og har gjerne hatt familien med seg 3 månader kvar sesong, slik at sønene har gått på skulen her i desse periodane. Resten av året bur dei i Lidingø, Sverige, der Putte og kona hans driv kvar sine konsulentfirma.
Huset her vart i 2006 selt til Knut P. Breivegen, sjå Tuftevegen 18, bnr 653 og Malmvegen 22, bnr 343.
Belglii 27 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Belglii 26 • Neste bolk: Belglii 28 |