Belglii 59 (Bykle)
Belglii 59 | |
---|---|
Utskilt: | 1993 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 540 |
Type: | Bustadseigedom |
Belglii 59 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette er eit hus med 4 leilighetar, som vart oppført for Bykle kommune i 1993. Huset er framleis i kommunal eige. Dei som bur her (januar 2005) er dei fylgjande:
- 59 C
Sigrunn Skare, f 1969
- sb hv m Pål K. Berntzen, sjå Jernvegen 9. Born:
- Andreas, f 1997
- Thomas, f 1999
Sigrunn er frå Skare i Odda kommune, og dotter åt Harald og Irene Skare. Ho kom til Bykle i 1995, og arbeider som lærar, for tida (2005) delvis ved Bykle skule og delvis ved Hovden VGS.
- 59 D
Audun Åby, f 1956, ug
Audun er av Sigdalsætt, men oppvaksen i Levanger, som son åt Jon Hallvard Åby og kona Åse Marie, fødd Hoffart. Han kom til Hovden i 1994. I yrkeslivet er han lærar ved Hovden VGS.
Belglii 59 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Belglii 57 • Neste bolk: Blesterkroken 1 |