Soltun (Fedje gnr 169 bnr 27)
Soltun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 27 |
Adresse: | Mulevegen 111 |
Soltun er eit småbruk i Fedje kommune.
1. Berta Karina Hansd f. 1826 Hernar, Øygarden d. 1905 (dotter av Hans Endresen f. 1801 og Kari Magnesd f. 1800) g.1.g. 1865 m. Nils Sjursen f. 1835 på Austrheim d. 1871 (sjå Austrheimb. III s 138, son av Sjur Halvorsen f. 1803 d. 1875 og Synneva Monsd f. 1805 d. 1857, far hennar var Mons Nilsen Øksneset f. 1769 d. 1837, sjå bror hans Ola Nilsen Brotet gnr 168 bnr 16-10/11). Berta var søskenbarn til Anna Marie Rognsvågen (gnr 167 bnr 3-1). Plassfolk utan jord her frå giftarmålet. Nils var fiskar. Berta dreiv med klippfisktørking for andre.
Born: a. Hans Martin Nilsen f. 1866 d. 1950, seinare brukar (3). b. Markus Martin Nilsen f. 1869 d. 2½ veke gl.
2. Enkja Berta Karina Hansd (1) g.2.g. 1872 m. Ola Andersen f. 1848 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14f) d. 1894. Ingen born. Ola var fiskar og los, tilsett som fastlos 1877 ifølgje Bergen losrulle. Han hadde ei gjennomsnittleg årsinntekt på 140 kr fram til han døydde, så losinga gav ei bra avkasting. For å få betre utsyn over skipsleia, flytta han huset høgare opp, til Svarthaugen. Plassen vart derfor kalla Høyen, og låg under Kremmarholmen gnr 169 bnr 2. I 1875 hadde dei 8 sauer. Dei budde i sjølveigande hus, det går fram av skiftet etter Ola i 1895. Huset var testamentert til stesonen Martin Nilsen. Elles var det m.a. bankinnskot på 650 kr. Arven utanom huset vart delt mellom enkja og søskena hans.
3. Martin Nilsen f. 1866 på denne plassen (1a) d. 1950 g. 1890 m. Andrea Endresd f. 1867 Vika (gnr 168 bnr 28-14d) d. 1910. Dei tok over plassen etter nr 2. Martin var fiskar. Huset vart i 1906 flytta nærare sjøen, der det står no. Tomta vart frådelt gnr 169 bnr 15 i 1930, skøyte til sonen Bernhard i 1932. Tomta omfattar òg bnr 28 (med naust), som vart frådelt gnr 169 bnr 17.
Born: a. Nils Olai Martinsen f. 1890 d. 1910. b. Bergitte Amalia Martinsd f. 1892 d. 1911. c. Berta Kristine Martinsd f. 1894 d. 1935, sjå nr 4 her. d. Endre Martinsen f. 1896 d. 1931, fiskar. e. Marie Alette Martinsd f. 1900 d. 1927. f. Bernhard Andreas Martinsen f. 1903 d. 1985, neste eigar (5). g. Margit Berta Martinsd f. 1909 d. 1934. Alle borna unnateke f. døydde av tuberkulose.
4. Berta Martinsd f. 1894 på dette bruket (3c) d. 1935 g. 1918 m. Kristoffer Karlsen f. 1888 Moldøyna (husmenn 4d) d. 1972. Han var i Seattle, USA på lakse- og kveitefiske frå 1908, så reiste han på seglskute. Etter giftarmålet var han fiskar. Familien var leigetakarar her hjå nr 3 og 5. Han flytta til Sulo gnr 169 bnr 49 då sonen Olai bygde hus der i 1956.
Born: a. Hjørdis Andrea Karlsen f. 1918 d. 1982 g. 1953 m. Harry Moberg f. 1921 Bergen d. 1970, barn aa. Bente Karin Moberg f. 1953 g. 1983 m. Per Johan Helland f. 1951 Bergen, busette der. Hjørdis budde dels her saman med dottera og stelte for familien, sjå òg Sulo gnr 169 bnr 49. b. Alfhild Charlotte Karlsen f. 1920 d. 1999 g. 1946 m. Olav Emil Langøy f. 1922 Austrheim d. 1991, fiskar, busette der (far hans var Edvard Langøen, jf Sulo gnr 169 bnr 34-2e og Austrheimb. III s 563). c. Olai Ingemår Karlsen f. 1921 d. 2002, bygde i Sulo gnr 169 bnr 49. d. Gustav Malvin Karlsen f. 1925 d. 1982, ugift, fiskar og fiskeindustriarb., budde her, sjå òg Sulo gnr 169 bnr 49. e. Karstein Bjarne Karlsen f. 1929 d. 1955, ugift, fiskar, fall over bord frå fiskebåten «Føyna» aust for Vikingbanken i Nordsjøen, ikkje attfunnen.
5. Bernhard Marthinussen f. 1903 på dette bruket (3f) d. 1985 g. 1932 m. Kristina Hansd Duesund f. 1904 Masfjorden d. 1969 (dotter av Hans Johannessen Duesund f. 1865 d. 1950 og Kristiana Ivarsd f. 1870 d. 1952, sjå Masfjordb. I s 368). Kristina var søster til Elida Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-21). Bernhard dreiv med fiske. Han fekk skøyte på tomta i 1932 (sjå nr 3), og kjøpte huset av faren i 1937.
Born: a. Alf Kåre Duesund f. 1926 Masfjorden d. 2007 (Kristinas son med Karl Johan Hansen Flindt f. 1901 Nattland, Fana i Bergen d. 1930, jf Fanab. IV s 6), Alf g. 1949 m. Dortea Øen f. 1927 Fjaler, bustad Mulen (gnr 169 bnr 79). b. Endre Magnus Marthinussen f. 1934 d. 1954. c. Kjellaug Helga Marthinussen f. 1936 d. 2017, neste eigar (6). d. Asbjørn Harald Sulen f. 1940, platearb., g.m. Gerd Kristensen f. 1938 Stathelle, Bamble i Telemark, bustad Langesund, sjå òg nr 6 her.
6. Kjellaug Marthinussen f. 1936 på dette bruket (5c) d. 2017 g. 1961 m. Hans Brügger f. 1934 Førland, Austrheim d. 1991 (sjå Hesteneset gnr 169 bnr 26-2a og Austrheimb. II s 481). Dei budde her frå 1961 til 1969, flytta så til Austrheim. Kjellaug fekk skøyte på bnr 27 og 28 i 1977 saman med broren Asbjørn, han skøytte sin del til Kjellaug i 1993, slik at ho vart eineeigar. Eigedomen omfattar òg tilleggsarealet bnr 91, som vart frådelt gnr 169 bnr 15 i 1966. Den vert brukt som fritidseigedom.
Born: a. Beathe Kristine Brügger f. 1962 g. 2013 m. Reidar Thyholdt f. 1952, bustad Bergen. b. Hans-Kristian Brügger f. 1964, bustad Bergen. c. Jonny Kenneth Brügger f. 1966 g. 1995 m. Eli‑Anne Uthaug f. 1970 Svena (gnr 168 bnr 230-1a) d. 2016, bustad Årås i Austrheim (jf Austrheimb. II s 407), seinare Søre Njøta i Austrheim. d. Knut Brügger f. 1970 g. 2006 m. Annette Blaalid f. 1968, bustad Odda, seinare Alversund i Lindås, Alver kommune. – Dei fire borna fekk skøyte i 2017.
Soltun (Fedje gnr 169 bnr 27) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Fredly (Fedje gnr 169 bnr 25) • Neste bolk: Fredly (Fedje gnr 169 bnr 32) |