Bjårlii 10 (Bykle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjårlii 10 | |
---|---|
Alt. namn: | Bjårlii tomt 7 |
Rydda: | 1980 |
Utskilt: | 1999 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 124 |
Type: | Bustadeigedom |
Adresse: | Bjårlii 10 |
Bjårlii 10 vart oppsett av Bykle kommune kring 1980. Av dei som har budd her veit me om at Solfrid Heggeblom var her frå 1.7.1994.
I 1999 kaupte Kristin Stolpestad huset hjå Bykle kommune.
- Kristin Stolpestad, f 1960
- g hv m Arild Dennis Karlsen, Oslo. Born:
- Kari Irene Karlsen, f 1990
- Nina Karlsen, f 1991
Kristin Stolpestad flutte til Bykle frå Kristiansand i 1994. Ho er fødd i Asmara, Etiopia, som dotter av Reidar Stolpestad og kona Kristin, fødd Hjortsøy Holm. Dei fyrste 5 åra i bygda budde Kristin og døtrene i kommunale husvære i Kyrkjelii. Ho kom til Bykle som sjukepleiar, men same året som ho overtok huset her, skifte ho yrke og vart biblioteksjef.
Bjårlii 10 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Bergly • Neste bolk: Bjårlii 12-14 |
Koordinater: 59.3561475° N 7.34940336° Ø