Malmvegen 26 (Bykle)
Malmvegen 26 (Bykle) | |
---|---|
Utskilt: | 1978 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 353 |
Type: | Bustadseigedom |
Malmvegen 26 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygt av Lars Sveinung Tveiten i 1978.
Lars Sveinung Tveiten, f 1956
- g m Birgit Bjugsdtr. Sollid, f 1953. Born:
- Gro Merete, f 1981, dipl. øk, sjå Holen, gnr 15, bnr 45.
Lars Sveinung er son åt Torbjørn Tveiten og kona Margit Sjursdotter, fødd Vatnedalen. Desse er omtala i bolken om Blesterkroken 6, bnr 347. Lars Sveinung er i hovudsak oppvaksen i Ålvik i Hardanger, men budde i Vatnedalen i åra 1962-64 ( jfr Bekkestad, gnr 6, bnr 37). Han flutte attende til Bykle i 1975. Han er utdana som byggmeister. Ei tid dreiv han bensinstasjonen på Hovden, og sidan ein periode byggjevareforretninga, så dreiv han nokre år med langtransport med eigen bil, men frå 2004 har han gått attende til bygningsfaget. Birgit arbeidde i lag med mannen sin både på bensinstasjonen og i byggjevareforretninga, men er for tida (våren 2005) husmor. Ho er dotter åt Bjug Knutsson Sollid og kona, Gyro Bjørgulvsdotter, fødd Homme (sjå Sollid, gnr 13, bnr 38).
Malmvegen 26 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Malmvegen 25 • Neste bolk: Malmvegen 27 |