Kjeldearkiv:1891-12-30 Brev frå Kleiven til Prestgard
1891-12-30 Brev frå Kleiven til Prestgard | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 30.12.1891 |
Stad: | Vågå |
Frå: | Ivar Kleiven |
Til: | Kristian Prestgard |
Nr. i samling: | 77 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
30. 12. 91.
Kjære Kristian!
Eg var vist saa toskot, at eg lova deg brev i julom og for ikkje aa bli staa-ande som ljugar for deg, skal eg yte ivegen nogre faa rader. – Vi har no tura fraa os jula for det meste dennegongen att og av dei 40 brennvinankarom som kom inni bygda til jul er det vist ikkje saa grovt mykje att no – juløle og sylta og alle dei andre gudsgavor har nok hellerikkje fare væl og humøre – ja det peikar vist hjaa mange paa optikus Petersen[1]. Men du vil no fulla helst høyre korleis eg har “bedrevet” jula. Førre jul la eg ei god og vis plan til aa nytte tida godt ut i julom: skulde skrive paa dei hellige avritsa mine liketil fjoredag naar Aasmundstad’n kom. Eg var reint glad av denne plana mi og batt inn ei bok kvitt papir i sjagræng med rau shirtingsrygg som skulde ta imot desse gjilde “aandsfoster”! Men eg gjorde væl reikning forutta vert, eg! Ved høgsdagsleite dagen føre juleftan kjem Aasmundstaden saa eg saag skjegge flaks millom Andershøa og Veggjemskampen longe før han kom saa langt upp som aat Tolstadskriua, og saa farvel med plana! Dei tvo fyrste dagarne gjekk no med prat og glede over dei guldtavlor vi fann att i grase fraa “tidernes morgen” og saa barst det til med aa naglfara Njaala – gud bevare deg kor vi dryfta og selda, vog og mælte! Eg tok det, som eg skulde vore den “allerhøieste Salomos vikarius” og fekk slike rukkor i skallen naar eg høyrde ein stiv sætning eller eit barnagtugt uttryk, at eg saag ut, som da eg gjekk skorne i Brabant. Skal ikkje den boka bli eit vælgjort dølasmid, saa skal det vera rart. Aa ja, eg trur han Ola har gjort det vonoms betre og dersom han fer boka utgjeven med det fyrste har eg tru paa, at vi skal faa eit tungt lod paa vaagskaala mot vestlenningom der. Det er von til, at han lyt gje ho ut som subskriptionsutgave og da fær vi hjelpe til alle guds born aa tinge ho burt. Tanken hans var elles, aa plukke ut nogo av Njaala som Framgang skulde faa til følgjetong framover, saa han likesom skulde faa “føle” folk paa tennom.
Han var her i 5 dagar, han Ola, og du veit det er ’kje stuslegt der han er, – glupare husgris kan ein aldrig ha, det er sikkert. Men nogo gjort vart det sjølsagt ikkje; vi hadde “Trætte mænd”[2], “Tengjil Hovda” og “Ei Vanheppa”[3] liggjande, men enno har eg ikkje lese 10 sior i nogor av deim. Av det, eg har lese i “Tr. mænd” staar det slik ein stygg kaldgufs med ølluft og sigarsnek, at eg bli reint vimlot i magen. Det einaste eg har lese sia jula kom er “Hægringar” etter Wranêr; han bli vist diktaren min, trur eg – eg har nok ikkje bringe for all denne konsta og all den psykologien –; […] saa daamlaust det, som Aanrud’n og P. Sivle kom med i “Folkebl.”[4] i aar! det var ikkje fjoraare no. Aasmundstaden var grov for eg ikkje tok att boka mi fraa Samlage og no skal eg au i denne dag ihop ved Seippel og setja karen kniven paa strupen, det lyt ha ein ende, dette her. Gamel Hans? Aa jau, eg visste førr korleis det kom til aa gaa – enda nedi papirkorga hans Lars! Ja, eg har ikkje faat nogor tiend, men du veit dei sendar aldrig attende manuskripta der i garden, maa’ta og saa har eg ikkje nogo meir aa vente. – Nei no vil eg bli genealog, no – jaggu fekk eg grama ut no i helga, at eg er islægt med Kongsliætta i Ruste og med Bøslægta i Gausdal! og det var det eit gamalt skrin og eit do. sagn som klaara upp!!! Blaat blod, blaat blod! Men dette breve er saa poetisk, alt igjenom, at eg lyt hengje i ein prosaisk slode (slo’e?). Du, som bur saanære papirhandlarom paa Hamar – kan du ikkje faa antel Samuelsen eller Magnussen til aa sende meg med etterkrav 50 stk. dokumentkonvolutter 24 cnt. lange 10, 5 cnt. breide 50 stk. do. 18,5 cnt. lange og 10 cnt. breide helst av slikt papir, som det innlagde – billige som alle di [...], for eg øylegg meg paa skulestyre med papirutgjivter. Har dei nogo sterke gule eller graa konvolutte 15 c. lange og 12 breide kan han kjøre med 50 st. likesaa 1 dus. rundskrivtpenne no 5 og 1 bokbindarskind – alt samen saker du fær velgja ut etter beste “skjøn og overbevisning”. Helsing fraa alle i huse! Godt nyttaar!
Din
Ivar Kleiven
Fotnoter
- ↑ Etter ei historie frå Trøndelag om eit gammalt barometer laga av optikus Pettersen i Trondheim. Barometeret var inndelt frå «Bestandigt – Smukt Veir» øvst til jordskjelv og dommedag nedst, og nedanfor der att namnet på fabrikanten. Ein gong gjekk barometeret sund så det sokk under alle vermerke og peikte på Pettersen sjølv, altså eit (spøkefullt) uttrykk for det ytste elende. Historia er seinare trykt i Albert J. Lange: Historier, Kristiania 1918, s. 35–36.
- ↑ Roman (1891) av Arne Garborg.
- ↑ Forteljingane Tengill Hovda (1891) og Vanheppa (1891) av Jens Tvedt.
- ↑ Sivle hadde forteljinga "Rypen med det røde Baand" og Aanrud forteljinga "Bispemesse" i Folkebladet 1891.