Bruneset (Fedje gnr 169 bnr 107)
| Bruneset | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 169 |
| Bnr: | 107 |
| Adresse: | Træsnesvegen 5 |
Bruneset er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Svein Hop f. 1939 Bergen g.m. Bjørg Helene Arne f. 1939 Bergen. Skøyte 1975 på tomt frådelt gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 same året. Huset vart bygd i 1976. Svein var produksjonssjef på mekanisk verkstad frå 1975. Dei flytta til Eidfjord i 1985, Svein dagleg leiar mek. verksemd der, Bjørg heimehjelp.
Born: a. Beate Hop f. 1966, neste eigar (2). b. Stig Hop f. 1970, platearb., g. 1994 m. Liv-Ingunn Nordtveit f. 1968 Skjoldastraumen i Tysvær, bustad Eidfjord, seinare Øygarden. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Fjell og sidan Nedstrand i Tysvær, og hennar Skjoldastraumen.
2. Beate Hop f. 1966 på dette bruket (1a), økonomimedarb., g.m. Roy Ophaug f. 1968 (gnr 168 bnr 114-3a), maskinarb., oljearb. Beate fekk skøyte her i 1992. Skøyte 2009 på tilleggsareal bnr 173 og bnr 174 frådelt gnr 169 bnr 1 og gnr 169 bnr 66 same året. Huset er renovert. Garasje er sett opp.
Barn: a. Henriette Hop Ophaug f. 1995, spesialsjukepleiar, samb. 2014 m. Jan Remy Øien f. 1993 Husøyna (gnr 168 bnr 351-2c), bustad Bergen. b. Helena Hop Ophaug f. 2001, bustad Bergen.
| Bruneset (Fedje gnr 169 bnr 107) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Steindal (Fedje gnr 169 bnr 93) • Neste bolk: Træsnesvegen 3 (Fedje gnr 169 bnr 120) |