Bud kyrkje
Bud kyrkje | |
---|---|
Bud kyrkje. Foto: Halvard Hatlen.
| |
Stad: | Bud |
Byggeår: | 1717 |
Endringar: | Restaurert 1830-åra |
Kyrkjegard: | Bud kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Molde domprosti |
Prestegjeld: | Fræna, tidl. Bud |
Fellesråd: | Fræna |
Sokn: | Bud |
Materiale: | Tømmer |
Tårn: | Løkforma kuppel |
Sitteplassar: | 250 |
Bud kyrkje er ei korskyrkje på Bud, Fræna i Hustadvika kommune. Kyrkja er frå 1717 og bygd i treverk. Kyrkja blei restaurert i 1830. Ho har 250 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Bud har vore kyrkjestad sidan høgmiddelalderen. Tidlegare stod det ei stavkyrkje på staden, men den brann ned i 1709 etter eit lynnedslag. Nokre år seinare vart korskykje innvidd, i 1717. I 1832 brann det igjen i Bud kyrkje og kyrkja fekk då den laukforma kuppelen.
Under andre verdskrigen vart tårnet tatt ned av tyske soldatar. Grunnen var at tårnet var til hinder for Ergan kystfort som låg like ved kyrkja. Tårnet vart oppbevart på ei låve til det vart sett på plass igjen i 1950.
Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.
Kulturminneløypa
Bud kyrkje er eit av stoppa på kulturminneløypa gjennom Bud. Kulturminneløypa inngår som del av Kulturminneåret 2009.
Eksterne lenker
- Bud kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no