Dalen hotell
Dalen hotell (og Dalen Hotel) på Dalen i Telemark opna i 1894, og er det siste attværande av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet. Den store bygningen vart teikna av Haldor Larsen Børve, og har ofte vorte kalla «eventyrhotellet». Det er i ein nasjonalromantisk stil, nær dragestilen, med tårnoppbygg, spir og utspring, samt det sentrale motivet på hovedbygget er kjennetekn for dragestilen. Med sine 4500 kvadratmeter er det ein av dei største trebygningane i landet.
Bygningen er i 2 1/2 etasjer og har ein monumental plassering som eit slottsanlegg. Midtpartiet vart dominert av ein sentral hall gjennom alle etasjer og med overlys. Foran hallen står to rikt dekorerte tårn. Ut frå sentralhallen går to lange fløyer symmetrisk ut til hver side og ender i tverrstilte bygningsdeler som gir ein rik og sammensatt bygningskropp. Bygningen er oversådd med ein rikdom av tårn, gavler og verandaer. Detaljene er dels i sveitserstil, dels inspirert av stavkirker og gamle norske loft og stuer, med svalganger, portaler og dragehoder. Byggets storleik, glasstaket og overlyset og dei rike tredetaljane gjer Dalen hotell til eit av landets viktigaste trebygg.
Predikanten og artisten Aage Samuelsen kjøpte hotellet i 1983, og ville gjøre det om til et kristent senter. Det var da svært nedslitt, og etter å ha brukt flere millioner på restaurering måtte han gi opp. Hotellet gikk på tvangssalg i 1987, noen måneder før Samuelsen døde.
Hotellet var ei tid stengt etter å ha forfalle, men i 1992 var det opna att etter ein større restaurering. Det er ikkje egna for vinterdrift, så hotellet er ope frå påske til ut oktober. Mange kombinerer eit opphald på Dalen Hotel med ei reise med M/S «Victoria» eller M/S «Henrik Ibsen» på Telemarkskanalen.
Hotellet fekk Europa Nostra Heritage Award 2000. Adressa er Hotellvegen 33.
Galleri
- Foto: Marthinius Skøien (1894-1898).
- Foto: Marthinius Skøien (1894-1898).
- Foto: Marthinius Skøien (1894-1898).
Kjelder
- Dalen hotell på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Dalen Hotel sin nettside
- Engelsviken, Tormod: Aage Samuelsen i Norsk biografisk leksikon.
- Faktaark fra Kartverket finnes.