Evang
Evang | |
---|---|
Luftfoto av Øvre Evang kring 1930 | |
Først nevnt: | 1520 |
Sted: | Lena/Lillo |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Østre Toten |
Gnr.: | 181 og 182 |
Postnummer: | 2850 |
Evang er ein namnegard i Østre Toten kommune. Garden har sidan 1893 vori delt i to bruk, Øvre og Nedre Evang, som nokonlunde tilsvarar matrikkelgardane 181 og 182 (kalt Austgarden og Vestgarden). Frå 1730 til 1843 var det faktisk fire Evangsgardar. Garden ligg i sørhelling, med det gamle tunområdet om lag 255 moh. Her er det ei sikker og god grunnvasskjelde. Terrenget er småkupert; moreneryggar med myrdrag innimellom. Berggrunnen er leirskifer og kalkstein frå kambrium og silur. Vanlege fossilfunn: trilobittar og ortocer. Båe dei nåverande Evangsgardane ligg i Evangsgutua, som dei òg har gitt namn til.
Gardsnamnet
Etter Norske Gaardnavne heitte Evang i norrøn tid Ævangr. «Dette er vel d. s. s. áivangr m., Hvileplads, hvor man paa Reise lader Hestene beite». Bygdenamnet Evanger i Voss kommune har same tyding.
Historie
Evang er ifølgje Norske Gaardnavne nemnd fyrste gong i skriftlege kjelder i 1520. Alt da var det to gardar, båe krongods. I 1528 betalde «Gudmund Twang» og «Oluff Twang» i «Hoff soghen» gjengjerden. 10 april 1687 brann husa på båe gardane, 11 hus gjekk med på Vestgarden, 6 hus på Austgarden. Oppsitjarane kjøpte gardane 1706.
På 1730-talet vart båe gardane delte i to, slik at det vart fire gardar. Austgarden vart delt i Oppistuggua og Nistuggua. Nistuggua må ha vorti bygd opp av nytt rett austafor og nedanfor det gamle tunet. Dei to gardane var omtrent jamstore. Vestgarden vart òg delt i to. I 1842 vart ein del av Øvre Vestgarden lagt til Nedre Vestgarden, og i 1843 vart resten av Øvre Vestgarden seld til Sundbrørne på Rånåby. Sist på 1800-talet vart Nedre Vestgarden kalt Vestgarden og Øvre Vestgarden kalt Rånåby-Evang. På 1860-talet vart husa på Vestgarden flytte ut av det gamle tunet. Nytt gardstun vart bygd opp omtrent 1 kilometer lengre sør. Det vart lagt vassledning (postrøyr) frå brynnane ved det gamle tunet ned til det nye tunet.
Omkring 1880 vart dei to Austgardsgardane, Oppistuggua og Nistuggua, slegne saman. Brukaren budde i Nistuggun. Rundt 1880 vart det bygd nye uthus i Nistuggun. Tidlegare låg uthusa nord for bygningen, dei nye uthusa vart bygde sør for bygningen. Dermed kom tunet i Nistuggun lengre ned og lengre unna det gamle Evangstunet. Bygningen i Oppistuggua vart flytta opp i Lillo og vart ny forretningsgard der. I 1893 vart Rånåby-Evang lagt innåt Austgarden. Etter 1893 har det vori to Evangsgardar. Ingen av gardane ligg i det gamle tunet. Austgarden (i dag Øvre Evang) ligg i utkanten av tunområdet, medan Vestgarden (i dag Nedre Evang) ligg omtrent 1 kilometer sør for det gamle tunet. Sist på 1960-talet vart det gamle tunområdet lagt ut til bustadfelt.
Husmannsplassar
- Gråten, under Vestgarden (Ner-Evang)
- Juliusstuggua, under Vestgarden
- Snikkerbakken
- Kristofferstuggua (Krestofferstuggua)
- Madsstuggua
Øvre Evang i 1930-åra
Kjelder
- Evang i folketeljinga 1801 for Østre Toten prestegjeld frå Digitalarkivet
- Norske Gardsbruk - Oppland fylke 1, Noresund 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 348 og 434.
- Norske Gaardnavne.
- Opplysningar frå Olaf Nøkleby 2009 og 2019.