Evre Haugen (Bykle gnr 14/30)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Evre Haugen
Byklum 122.jpg
Evre Haugen 8.7.1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: omkr. 1894
Utskilt: 1942
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 30
Type: Småbruk

Evre Haugen ligg austom Neire Haugen i Bykle. Den fyrste som budde her var Torleiv Torleivsson, som var eldst av borna til Torleiv Torleivsson og Margit Knutsdotter i Uppistogs-Haugo. Kontrakta om den plassen gjekk ut då faren døydde i 1894. Sonen tok då ned husa der, og sette dei oppatt på denne parsellen, som då fekk kaupe hjå Gunstein og Olav Gjermundssøner i Uppistog.

Handelen vart ikkje tinglyst, men Torleiv er oppførd som sjølveigar her i 1900-folketeljinga.

  • Torleiv Torleivsson Haugo, f 1843, d 1910, ug

Dei neste som budde her var Tellef Jonsson og familien hans. Tellef var son åt Jon Olsson Hoslemo og kona, Torbjørg Auversdotter Gjerden.

I den gamle gards- og ættesoga (135) les me at «Tellef Jonsen kjøpte bruket av Tellef Tellefsen Haugen». Dette trur me ikkje er aldeles rett, ettersom Torleiv Torleivsson døydde i 1910, og Tellef Jonsson var busete hjå verfaren, Mikkel O. Holen, ved nyårsleite det året. Han kan ha overteke bruket frå dødsbuet etter Torleiv Torleivsson, men då denne handelen ikkje vart tinglyst, kan me ikkje vita om det var akkurat såleis det gjekk til, eller kva tid heimelsovergangen fann stad. Me kjem litt attende til dette spursmålet, men lat oss fyrst stille opp eit oversyn over familien åt Tellef Jonsson. På gravsteinen hans står etternamnet Haugen, sjølv om han skreiv seg Tellef Jonsson Hoslemo. Dette er no retta opp i den digitale utgåva av Heimar og folk i Bykle.

Mikkel T. Haugen 1986. Bilete frå kommunearkivet.
  • Tellef Jonsson Hoslemo, f 1874, d 1933[1]
g 1904 m Asjær Mikkelsdtr. Holen, f 1877, d 1953.[2] Born:
  • Torbjørg, f 1906,d 1987, gardkone, g m Peder Midtbø, d 1951, busett Norddalsfjord, Flora, born:
  • Per Inge, f 1973
  • Asle Helge, f 1978
  • Sølve, f 1986
  • Trygve Agnar, f 1950 (sjå Ingebjørg nedanfor)
  • Ingebjørg, f 1912, d 2001, husmor, g m Olav Nilsen (Herleiksplass), Skurdalen, Hol, fosterson:
  • Trygve Agnar Midtbø, f 1950, ing. (sjå Torbjørg ovanfor), busett Haugesund, g m Marit Tollefsen, Haugesund, 2 born:
  • Merethe f 1982
  • Ragnhild f 1986
  • Gunnhild, f 1914, turistvert, g m Bjørgulv Knutsson Breive, sjå Haugly Gjesteheim, gnr 2, bnr 21
  • Birgit, f 1915, husmor, busett Hol, d 1998 g m Johannes Herleiksplass, Hol, f 1913, born:
  • Jon Torleiv, f 1947, busett Geilo, g m Berit Kløvfjell, Vennesla
  • Bjørg, 1951, busett Hjartdal, g m Thorbjørn Aamaas
  • Astrid, f 1955, busett Hol, g m Harald Tingstad
  • Jon, f 1917, d 1940, ug
  • Mikkel, f 1919, d 1995, g m Margit Torjusdtr. Stavenes, sjå Bykle hotell (gnr 14, bnr 11).

Asgjerd Mikkelsdotter var frå Myri Holen. Foreldra hennes var Mikkel Olavsson Nesland og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Holen.

Tellef og Asjær budde hjå foreldra hennes i Myri, Holen frå dei gifte seg og iallfall tom. 1910. Seinast i 1912 flutte dei hit, og då dei hadde dottera Ingebjørg til dåpen det året, vart Tellef notert som sjølveigar. Sidan skifter omtalen av han i kyrkjeboka fram og attende mellom husmann og sjølveigar. Korleis dette skal tolkast er me litt usikre på, men heimelen til eigedomen tykkjest å ha gått attende til Uppistog. Iallfall ser me at Tellef vart oppskriven som husmann då han døydde i 1933, og i 1943 kaupte Mikkel Tellefsson bruket hjå Gjermund O. Byklum for 1000 kr. I samband med dette kaupet vart bruket endeleg matrikulert som ein eigen eigedom.

Mikkel budde her nokre år, men etter at han i 1956 gifte seg med Margit T. Stavenes, som åtte Bykle hotell, heldt han til der. Han er difor nærare omtala i bolken om hotellet (gnr 14, bnr 11).

I 1976 vart bruket her overført til Gerd Mikkelsdotter:

Gerd Mikkelsdotter Haugen på ungdomsskulen i Valle 1972.
Foto: Leonhard B. Jansen
  • Gerd Haugen, f 1958, ug.

Gerd er busett i Oslo, og arbeider som flyvertinne (2006).

Då det skulle byggjast ny veg gjennom bygda på 1980-talet, vart veglina lagt over tunet, og husa her laut då rivast. Dei vart sidan ikkje sette oppatt. Men i 1962 hadde I/S Øvre Otra sett opp ein anleggsbustad på eigedomen, noko nedanfor det gamle tunet. Denne overtok Mikkel T. Haugen etter at Bykle Hotell vart selt i 1982, og budde her sidan til han døydde i 1995. I dag har Gerd Haugen denne bustaden som fritidshus.

Referansar


0941 Bykle komm.png Evre Haugen (Bykle gnr 14/30) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lislestog • Neste bolk: Solheim