Fjordglytt (Fedje gnr 167 bnr 13)
Fjordglytt er ein eigedom i Fedje kommune.
| Fjordglytt | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 167 |
| Bnr: | 13 |
1. Åsmund Rognsvåg f. 1937 (gnr 167 bnr 4-lba), sjukepleiar/sjukeheimstyrar, lærar, g. 1959 m. Åshild Hellesland f. 1935 Stord, sjukepleiar. Dei budde først i Ski og så i Asker frå 1961, flytta til Odda i 1964, og til Stord i 2012. Tomta vart frådelt gnr 167 bnr 2 i 1978, skøyte same året. Dette er ein parsell utan hus. Gnr 167 bnr 16 vart seinare frådelt gnr 167 bnr 2 (bnr 16 gjekk i 2009 inn i gnr 167 bnr 15).
Born: a. Elisabeth Rognsvåg f. 1960, bygde på frådelt tomt (gnr 167 bnr 23). b. Terje Rognsvåg f. 1961, dagleg leiar, g. 1980 m. Anne Lise Eide f. 1962 Indre Djønno i Ullensvang, helsefagarbeidar, bustad Segelgjerd i Ullensvang (jf Ullensvangb. I/2014 s 453). Ekteskapet oppløyst. c. Kjetil Rognsvåg f. 1966, ingeniør, g. 1991 m. Anna Elisabet Martiner f. 1965 Falköping i Sverige, barnehagelærar, bustad Bærum. d. Birte Rognsvåg f. 1967 g. 1990 m. Terje Dregelid f. 1968 Voss, begge sjukepleiarar, bustad Stord.
| Fjordglytt (Fedje gnr 167 bnr 13) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Varås (Fedje gnr 167 bnr 9) • Neste bolk: Rognsvågen 76 (Fedje gnr 167 bnr 14) |