Flø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flø sommaren 2020. Utsikt mot øygruppa Sørøyane, med Runde til høgre. Innanfor moloen ser vi mellom anna campingplassen og forsamlingshuset Vonheim, og øvst ligg nokre av Flø-gardane.

Flø er ei bygd på nordvestsida av Hareidlandet i Ulstein kommune, om lag åtte kilometer nord for kommunesenteret Ulsteinvik. Staden ligg nokså værhardt til, med Atlanterhavet rett ut, men i ly av høge fjell mot aust. Bygda, som har snautt 200 innbyggjarar, hadde tidlegare eigen skule, men denne er nedlagt. I skulebygget held no kunstgalleriet Studio Hugo Opdal til. Flø har òg campingplass og forsamlingslokale (Vonheim).

Gardane her heiter Ytreflø, Midtflø, Indreflø og Roppe. I Norske Gaardnavne heiter det om Flø «at Navnets Betydning er ikke forklaret. Gaardene ligger paa et fladt, temmelig bredt Forland under Fløhornet.»

Kjelder og litteratur

Galleri

Eksterne lenkjer