Folkemusikk i Valdres
Folkemusikken i Valdres er, som bygdemålet, prega av at Valdres ligg i grenseområdet mellom Aust- og Vestlandet. Valdres og Hallingdal låg i tidlegare tider under Gulatingslag og Stavanger bispedømme. Allereie på 1700-talet kom hardingfela til Valdres, med Knut P. Ringestad (1728-1810) som ein av dei første hardingfelespelemennane der. Andre instrument som har vori bruka i folkemusikken i Valdres inluderer langeleik, munnhorpe og, fram mot nyare tid, durspel. Typiske dansar inkluderer den udelte bonde, så vel som springaren og hallingen. Runddans (gamaldans) har vori spela og dansa her sidan tidleg på 1800-talet. I vokalmusikken bør Andris E. Vang (1795–1877) nemnast; han gav ut boki Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris, som var det fyrste verket med tradisjonsstoff på dialekt i Noreg.