Forside:Aure prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Aure prestegjeld
Aure kyrkje innvendig, sett frå nordskipet mot sørskipet (høgre) og koret/altaret (venstre).
Foto: Olve Utne

Aure prestegjeld var eit prestegjeld under Ytre Nordmøre prosti. Prestegjeldet og prostiet hørte tidlegare til Nidaros bispedømme, men vart lagt til det nyoppretta Møre bispedømme den 18. september 1983. Det hadde ved avviklinga tre sokn: Aure sokn, Tustna sokn og Stemshaug sokn. Fram til 1749 omfatta Aure prestegjeld det noverande Edøy prestegjeld òg.   Les mer ...

 
Smakebiter
Sør-Tustna kapell.
Foto: Olve Utne
(2007)
Sør-Tustna kapell eller Sør-Tustna bedehus er ei lita langkyrkje av tre med 75 sitteplassar på Sør-Tustna i Aure kommuneNordmøre. Kapellet vart bygd i 1907 og ombygd i 1952. Det finst ikkje nokon gravlund ved kapellet. Kapellet blir bruka av organisasjonen Sør-Tustna bedehus.   Les mer …

Aure kyrkje sett frå sjøsida.
Foto: Olve Utne
(2008)
Aure kyrkje (nynorsk Aure kyrkje, bokmål Aure kirke), lokal uttale Örkjerkjå (NA) / Örkjerkjonn (D), er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og var hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme.   Les mer …

 
Kategorier for Aure prestegjeld
ingen underkategorier


 
Andre artikler