Forside:Landskapsvern

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Landskapsvern
Strandnær slåtteeng i Dalan under Hals i Aure kommuneNordmøre. Slåtteeng blir best bevart ved moderat gjødsling og sein høyslått — etter at blomstrane har sett frø.
Foto: Olve Utne
(26. juni 2014)

Landskapsvern er arbeidet med å bevara og restituere område med særlig verdifulle/sjeldne naturtypar. Dette kan inkludere kulturlandskap av både innmarks- og utmarkstype så vel som i hovudsak kulturuavhengige landskapstypar. Landskapsvern blir gjerne utøvd gjennom ein kombinasjon av forbod og praktiske tiltak, inkludert tradisjonell bruk av landskapet. Det finst ulike sonar og grader av strengheit i det offentlige landskapsvernet — frå tilskott til lokale tiltak via nasjonalparkar til naturreservat.   Les mer ...

 
Smakebitar
Kasjmirgeit med kje på Tustna.
Foto: Olve Utne
(2012)
Kasjmirgeit er fellesnamn for ymse geiterasar som gjev kasjmirull — ei botnull av særleg fine fiber. I Norge vart dei aller første kasjmirgeitene importert frå New Zealand av Landbrukshøgskolen (frå 2005 Universitetet for miljø- og biovitenskap) i 1993 i samband med eit forskningsprosjekt, og seinare har det vorte importert sæd frå Skottland. Norsk kasjmirlag vart stifta i Aberdeen i Skottland den 31. august 2003. Rasestandarden for norsk kasjmirgeit vart utarbeidd som ein del av eit forskningsprosjekt i perioden 2004–2008. Kasjmirgeitene har generelt god helse; dei er rolige av gemytt og har eit sterkt flokkinstinkt. Dei er relativt lett å halde inngjerda så lenge dei har eit interessant beiteområde der det er godt med mat. I tillegg til ull- og kjøttproduksjonen er landskapspleie, inkludert vedlikehald og restituering av kulturlandskap, eit viktig bruksområde for kasjmirgeitene.   Les mer …

 
Kategoriar for Landskapsvern


 
Andre artiklar