Forside:Nordmøre/Om forsida
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nordmør (utt. ["nɔɽmʌ:r] (Eide), ["nɷ:ɽmʌ:r] (Aure), ["nɷ:rmʌ:r] (Indre Nordmøre), ["nɷ:rmø:r] (yngre ndm.)) eller Nordmøre er den nordaustlegaste delen av Møre og Romsdal fylke og består av kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Historisk sett har òg dei nordaustlegaste gardane i Hustad sokn, Eidsøra i Nesset kommune og Vinje i Sør-Trøndelag hørt til Nordmøre; og i mellomalderen heile Fosen futedømme. Nordmøre utgjer saman med Romsdal og Sunnmøre dei tre tidlegare futedømma (fogderia) som utgjer Møre og Romsdal fylke.