Frøholmfeltet (Volda)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Frøholmfeltet er eit bustadfelt i nordvestenden av Volda sentrum. Det ligg på det som ifølgje kartet i Busetnadssoga for Volda band 4a side 664 var marka til matrikkelgarden Strand og vart bygd ut frå 1960-åra og utover.
Feltet har fått namn etter brukaren på Strand (15/1) frå 1922, Lars Britanus Martinusson Frøholm (1881-1956) som i 1903 gifta seg med tredje dotter til førre brukarane på Strand, Gjertrud Beate Johansdotter (1883-1976). Lars var frå garden Frøholm i Innvik i Stryn.
Kjelder
- Busetnadssoga for Volda band 4a, 2012 s. 677 og foto s. 678.
- Meir om Nordalen, Frøholm og Lakseberget, Møre 16. januar 2016 s. 12.