Fredheim (Fedje gnr 172 bnr 7)

Fredheim er ein eigedom i Fedje kommune.

Fredheim (Fedje gnr 172 bnr 7
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 7
Adresse: Fyrsundvegen 14

1. Karl Andersen f. 1856 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14i) d. 1945 g. 1882 m. Marta Martinusd f. 1853 Krossøyna, Austrheim d. 1924 (dotter av Martinus Larsen f. 1821 d. 1886 og Gurina Andersd f. 1821 d. 1888, jf Austrheimb. III s 606). Marta var farsøster til Anna Uthaug (Brotet gnr 168 bnr 77) og Lovise Stormark (gnr 172 bnr 23-2), og brordotter til Anna Husa (gnr 168 bnr 8-7). Karl og Marta fekk festesetel på jordstykket her i 1885, og sette opp hus og rydda jorda. Karl arbeidde på torvbruket. Elles var det fiske og jordbruk dei dreiv med.

Bom: a. Anton Martin Karlsen f. 1882 d. 1910 (tub.), ugift, skomakar. b. Gina Bergitte Karlsd f. 1884 d. 1961 g. 1906 m. Gjert Bertelsen Bråte f. 1881 (gnr 168 bnr 16-14a) d. 1944, brukarar der (16). c. Kristoffer Mikal Karlsen f. 1888 d. 1905 (drukna då båten velta). d. Andreas Martin Karlsen f. 1890 d. 1978, neste brukar (2). e. Anna Olina Karlsd f. 1893 d. 1952 g. 1912 m. Birger Martinussen Herøy f. 1887 Masfjorden d. 1942, sjømann, budde i Bergen. Han var bror til Johan Herøy, Stormark gnr 172 bnr 14-1. f. Ludvik Bertin Karlsen Stormark f. 1897 d. 1971, reiste til USA i 1918, malar, g. 1922 Brooklyn m. Inga Gurine Henriksen Hovland frå Egersund f. 1901 d. 1996 (emigrerte i 1918), budde i Brooklyn i New York, så Manorville, Long Island.

2. Andreas Karlsen f. 1890 på dette bruket (1d) d. 1978 g. 1912 m. Ragna Konstanse Olsd f. 1889 Hernar, Øygarden d. 1971 (dotter av Ola Gunnarsen f. 1858 og Kari Larsine Nilsd f. 1854 d. 1920). Ragna var halvsøster til Lovise Herøy, Stormark (gnr 172 bnr 14-1) og Mariane Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-16). Skøyte på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 1 og gnr 172 bnr 2 i 1916. Andreas var skipstømmermann.

Born: a. Marry Lorentse Karlsen f. 1912 d. 1988 g.l.g. 1931 m. Monrad Magnesen Stormark f. 1905 (gnr 172 bnr 11-2d) d. 1937, budde der (3). b. Kristoffer Stormark f. 1914 d. 1991, arb. tollvesenet, g.l.g. 1941 m. Svanhild Leirnes f. 1906 Høyanger i Sogn (jf Kyrkjebøb. I s 128) d. 1958, bustad Bergen, g.2.g. 1962 m. Marta Grevle f. 1923 Voss d. 2019, dei flytta til Måløy i Vågsøy. c. Ruth Amanda Fredheim f. 1916 d. 2006, neste eigar (3). d. Leif Andreassen Stormark f. 1917 d. 2011, neste eigar (3). e. Alf Andreassen Stormark f. 1917 (tvilling med d.) d. 2002 g. 1938 m. Andrea Eriksen f. 1918 Stormark (gnr 172 bnr 35-1d) d. 1962, busette der (2).

3. Ruth Fredheim f. 1916 på dette bruket (2c) d. 2006, arb. Bjelland 18 år, pleiemedhjelpar 9 år, g. 1950 m. Albrikt Breivik f. 1923 Stormark (gnr 172 bnr 4-6d) d. 1989, fiskar. Ingen born. Skøyte her i 1959 saman med bror til Ruth, Leif Andreassen Stormark f. 1917 (2d) d. 2011, ugift, postførar.

4. Bjarne Stormark f. 1968 (gnr 172 bnr 141-1c), kjølemaskinist, g. 2002 m. Monica Uthaug f. 1973 Svena (gnr 168 bnr 234-1c), bustad Bergen. Skøyte i 2005, Ruth (3) var grandtanta hans. Huset vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Camilla  f. 1987 (Bjarnes dotter). b. Magnus Severin Stormark f. 2002, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Fredheim (Fedje gnr 172 bnr 7) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stensland (Fedje gnr 172 bnr 6) • Neste bolk: Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 8)