Galnemåndagen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Galnemåndagen visar til ein orkan som råka Vestlandet frå Utsira til Stad den 11. mars 1822. Det kan dokumenterast 170 omkomne på havet, og det er all grunn til å tru at det var fleire ofre. Dei muntlige overleveringane fortel at omkring 300 liv gjekk tapt. Det er ikkje umogleg at det var så mange, for orkanen kom under rikt sildefiske, og det var mange små, opne båtar på havet. Det finst fleire samtidige skildringar av orkanen.

Kjeldene

Kyrkjebøkene frå vestlandskysten fortel ein del av historie. Dei har til saman 157 omkomne som gjekk med i orkanen. Frå andre kjelder er det dokumentert ytterligare tretten offer.

Det finst skildringar frå tre som opplevde orkanen: Sokneprest til Kvinnherad Peder Harboe Hertzberg, bonde og politikar Ingebret Gulliksen frå Klepp og ingen ringare enn meisterforbrytaren Gjest Baardsen som sat i arrest hjå lensmannen på Byrkenesøyna i Gulen.

Orkanen

På morgonen om måndagen den 11. april 1822 var det godt ver, med svak vind og lett skydekke. Fiskarane drog tidleg ut, men allereie i løpet av morgontimane byrja himmelen å mørkne og vinden vart sterkare. På Jæren byrja uveret kring klokka åtte på morgonen, og ved Byrkenesøyna tok det til kring klokka ni. Ut frå skildringane har ein rekonstruert eit mogleg scenario for orkanen. Eit særs kraftig lågtrykk passerte truleg over eller rett nord av Skottland og gjekk aust- eller nordaustover mot norskekysten. I løpet av dagen snudde vinden frå sørvest til nordvest. Vindstyrka nådde truleg kring 35 meter i sekunder ved Klepp og Byrkenesøyna, og skal ha vore enda sterkare ved Utsira. Grensa for orkan er på 32,7 meter i sekundet. Dette er ikkje like kraftig som nyttårsorkanen 1992 (46 m/s) eller orkanen Dagmar (44,6 m/s) i 2011, men dei som vart råka hadde ikkje noko vervarsel og farty som ikkje hadde ein sjanse i slikt ver. Temperaturen var låg, og det kom sludd og snø ved kysten. Bylgjene var truleg 15 til 20 meter høge. Lufttrykket er estimert til under 940 hPa; det lågaste som er målt etter at vi fekk dei første målestasjonane kring 1860 er 939,5 hPa i 1884.

Dei fleste omkomne var frå området kring og nord for Bergen, men det var dødsoffer heile vegen frå Egersund til Selje. Dei aller fleste ofra gjekk ned på havet, men ved Egersund var det ein gardsdreng som døydde då ein låve raste ned over han.

Det dreiv i land lik i fleire veker etter orkanen, og dei fleste kunne ikkje identifiserast sikkert. Dei to prestegjelda som vart hardast råka, var Os med 43 sakna og Gulen med 23 sakna. Dei fleste vart gravlagd der dei dreiv i land, så det er ikkje alltid samsvar mellom talet på sakna i et område og talet på dei som vart gravlagd der.

Redningsarbeidet

Vi må tru at folk langs heile kysten gjorde det dei kunne for å redde folk, men den einaste redningsaksjonen vi veit noko konkret om var den Gjest Baardsen var med på. Han sat saman med Sven Brække i lensmannsarresten på Byrkenesøyna. I området hadde mange fiskarar dratt ut, men det var òg ein del born som var ute for å samle mose og lav på øyane. Dei kom seg ikkje i land, og ein rekna med at dei var ute på øyane. Gjest Baardsen var sjøvant, og ifølgje han sjølv fekk han og Svein Brække overtala dei fiskarane som var på land til å dra ut med dei for å redde ungane. Dei fant seks ungar som dei fekk trygt i land, på ei tid då vinden hadde byrja løye, men med grov sjø. Det er ikkje urimelig å tenke seg at Gjest Baardsen kan ha vore med på ein slik aksjon, men det er litt usikkert om det verkeleg var han som tok initiativet, eller om det heller er slik at han i mangel på vaksne mannfolk på land vart henta ut av arresten.

Litteratur og kjelder