Knut Gjerden

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gjerden, Knut»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gro og Knut Gjerden med sønene Pål og Tarald 17. mai 1965.
Foto: Gerd Fosse Hovden

Knut Gjerden (født 1923 i Bykle, død 2006 same stad) var adjunkt og lokalhistorikar. Han sto mellom anna bak den første gards- og ættesoga for Bykle (1966) og Bykle kultursoge (1993).

Han var son av Pål Torleivsson Gjerden (1874–1935) og Jorunn Knutsdotter Byklum (1893–1940). Knut Gjerden var den tredje av seks sysken, og vaks opp på Nordstog Gjerden i Bykle. Mora kom frå Kroné på nabogarden Byklum.

I 1949 tok han lærareksamen, og han følgde opp dette med studier i Trondheim i eitt år, handarbeidsutdanning og grunnfag i norsk ved Universitetet i Oslo. Etter ei tid som grunnskulelærar i Bykle flytta han rundt 1970 til Akkerhaugen i Sauherad kommune og byrja som lærar der. Han bygde hus i Bykle saman med kona Gro Taraldsdotter Nomeland frå Valle (f. 1927), og dei hadde resten av livet hans både heimen i Akkerhaugen og Asparås i Bykle.

Gards- og ættesoge for Bykle kom ut i 1966, skreve av Gjerden i samarbeid med Bjørgulv Holen. Gjerden gav så ut ei kultursoge, og følgde i åra som kom opp dette med andre kulturhistoriske hefter og artiklar. Han skrev også lokalhistorie for Sauherad, mellom anna eit jubileumsskrift til 800-årsjubileet for kyrkjene der. I 1993 vart fleire av hans eldre kulturhistoriske bøker og hefter samla i Bykle kultursoge, som også hadde med nokre nye artiklar.

Bibliografi

  • Bykle bygdesoge . B.1 . Gards- og ættesoge for Bykle - med eit stutt utdrag av kultursoga (med Bjørgulv Holen. 1966.
  • Bykle bygdesoge . B.2 . Kultursoga (med Bjørgulv Holen. 1966.
  • Kultursoge. 1974.
  • Frå Brattland til Minnesota. 1977.
  • Jeremias S. Bykles liv og vandring (red.). 1978.
  • Tamreindrift i øvre Setesdal. 1988
  • Frå Setesdalsheiene til Trondheim (med Trygve Fosstveit). 1989.
  • Folk og fjell (med Trygve Fosstveit). 1990.
  • Kyrkjene i Sauherad og Nes gjennom tidene. Utg. Sauherad Menighetsråd og Nes Sokneråd. 1991.
  • Bykle kultursoge. Utg. Bykle kommune. 1993.
  • Bykle under krigen 1940–1945 (red.). 1995. Digital versjonNettbiblioteket

I tillegg til bøker og hefter som er nevnt her kjem ei rekkje artikler.

Kjelder